Askvoll JFL arrangerte FM Jegertrap og Leirduesti 18/19.06.2022

Askvoll JFL inviterte til Fylkesmeisterskap i Jegertrap og Leirduesti i helga. Arild Grytten stakk av med sigeren i Jegertrap, medan Frode Husum vann Leirduestien.

Publisert: 19. juni 2022 kl. 21.25

Sist oppdatert: 19. juni 2022 kl. 21.38

Jegertrap gjekk av stabelen laurdag, med 14 deltakarar til stade. Det var nokså skiftande vêrtilhøve i byrjinga, og dermed ein del variasjon på duene. Forholda betra seg etterkvart, med sol og tilnærma vindstille under finalen. Dei 10 beste skyttarane etter 4 innleiiande rundar gjekk vidare til finale. Arild Grytten vann denne, og vart ståande med 119 treff totalt. Nr. 2 vart Loyd Mandelid med 118 treff, medan Håkon Ekornrud tok 3. plassen med 116 treff. Beste veteran vart Axel Nielsen med 107 treff totalt.

Lagvinnarar:

Nr. 1 - Askvoll 1 (Arild Grytten, Loyd Mandelid og Gunnar Leknes)

Nr. 2 - Askvoll 2 (Arild Johansen, Eirik Leknes og Torbjørn Leknes)

Nr. 3 - Eid JFL (Jan Inge Kleppe, Axel Nielsen og Arild Gangdal)

Sjå link nederst på sida for øvrige resultat.

Dei 5 beste skyttarane etter dei 4 første innleiiande rundene skaut finalen med flashduer. Flashduer har ikkje vore nytta tidlegare i Skorva etter det skribenten kjenner til, og satte ein ekstra spiss på siste finaleskytinga.

Plakettvinnarar FM Jegertrap 18.06.22- Individuell - 1. 2. og 3. plass - Beste Veteran.jpg
Individuelle plakettvinnarar: Arild Grytten vart årets Fylkesmeister i Jegertrap, Loyd Mandelid nr. 2, Håkon Ekornrud nr. 3, medan Axel Nielsen vart beste Veteran.

Søndag var det duka for Fylkesmeisterskap i Leirduesti med 50 skot + finale. Innleiiande runde var fordelt utover 5 postar, med 10 skot på kvar. Det var stort sett gode forhold, og gode tilbakemeldingar på stien etter fullført stemne.

Årets Fylkesmeister i Leirduesti vart Frode Husum, som hadde 46 treff innleiingsvis. I finalen gjorde han like greit reint bord med 10/10 på samtlige 3 finalepostar. Nr. 2 vart Gunnar Leknes med 60 treff totalt. Det måtte omskyting til etter finalen for å avgjere 3. plassen, mellom Magnar Leknes, Tore Bjørndal og Eirik Leknes som sto likt med 58 treff. Denne vann Eirik med 7/10 i omskytinga. Beste Dame vart Ingrid Leknes Nygård med 27 treff totalt, medan Torbjørn Leknes vart beste Veteran med 29 treff.

Lagvinnarar:

Nr. 1 - Askvoll 1 (Jan-Ove Humlevåg, Tore Bjørndal og Eirik Leknes)

Nr. 2 - Askvoll 2 (Magnar Leknes, Gunnar Leknes og Torbjørn Leknes)

Nr. 3 - Førde JFL (Hans Eirik Nes, Jonas Hilding og Geir Haukaas)

Sjå link neders på sida for øvrige resultat.

Plakettvinnarar FM Leirduesti 19.06.22- Individuell - 1. 2. og 3. plass - Beste Dame og Beste Veteran.jpg
Individuelle plakettvinnarar: Frode Husum vart Fylkesmeister, Gunnar Leknes nr. 2 og Eirik Leknes nr. 3. Beste Dame vart Ingrid Leknes Nygård, og Torbjørn Leknes vart beste Veteran.
Plakettvinnarar FM Leirduesti 19.06.22- Lag - Askvoll 1 (1) - Askvoll 2 (2) - Førde (3).jpg
Lagvinnarar: Nr.1 - Askvoll 1 (Jan-Ove Humlevåg, Tore Bjørndal og Eirik Leknes). Nr. 2 - Askvoll 2 (Magnar Leknes, Gunnar Leknes og Torbjørn Leknes). Nr. 3 - Førde JFL (Hans Eirik Nes, Jonas Hilding og Geir Haukaas).

Askvoll JFL takkar skyttarar og tilskodarar for oppmøte, og vi gratulerar so mykje til alle plakettvinnarar og lagvinnarar begge dagar.

 

Resultat FM Jegertrap

Resultat FM Leirduesti