Laksefiske for ungdom

Publisert: 07. juli 2021 kl. 16.59

Sist oppdatert: 06. juli 2021 kl. 14.51

Laksefiske for ungdom - rabatt i Ommedalselva i Hyen

NJFF Sogn og Fjordane har samarbeid med Ommedal Grunneigarlag i Hyen. Ungdomar (opp til og med 25 år) som er medlem i NJFF i Sogn og Fjordane får tilbod om å fiske laks og sjøaure i Ommedalselva for halv pris, dette gjeld 12 timars kort og døgnkort. Rabatten gjeld ikkje vekeskort og årskort.

Pris for NJFF-ungdomar er: døgnkort kr 150,- 12-timars kort kr 100,-.

Dei ungdomane som vil nytte seg av dette kjøper fiskekort i ei sjølvbetjeningsbu i Ommedal; fyll ut fiskekortet, kryss av for kva korttype du kjøper og noterer ned teksten «NJFF + medlemsnummeret ditt» på kortet. Legg så pengane i konvolutten tilsvarande 50% av gjeldande pris (100 eller 150) og noter summen i feltet for dette på kortet.

Alle pliktar å setje seg inn og fylgje dei til ein kvar tid gjeldande reglane for utøving av fiske i Ommedalselva. Reglane står i «kortbua». Fangstrapport skal leverast uansett resultat.

For dei som er over 18 år må fisketrygdavgifta vere betalt før ein løyser fiskekort. ​