FJFF stenger småviltjakta på Nes 2022, og vinter 2023.

Med bakgrunn i FJFF si forplikting til berekraftig forvaltning av Nesterrenget, var Jaktutvalet si innstilling til styret, var at vi freda småviltjakta på Nes for innerverande jaktperiode. Saka vart styrehandsama på styremøte 19.09.

Publisert: 26. september 2022 kl. 19.53

Sist oppdatert: 29. september 2022 kl. 09.49

Som kanskje mange har fått med seg, er det generelt eit nedgangsår i rypebestanden i Sør-Norge. 

Sjølv om det er lokale variasjonar, er tilbakemeldingane både før og etter jaktstart, generelt dårleg kyllingproduksjon. Med bakgrunn i årets takseringar/observasjonar, har fleire forvaltningsansvarlege og jaktforvaltarar stengt jakta for denne sesongen. Ref hønsefuglportalen, Ryperapporten 2022, Statskog rapport 2022. Spesielt er det mange urovekkande tilbakemeldingar frå vestlandet.

Under takseringa på Nes vart det også dette året observert svak kyllingproduksjon, med eit snitt på 2 kyllingar pr voksenpar. (2021, 3,7). Fleire par hadde ikkje kyllingar. Det positive halmstrået er at stamfuglen sit på revirplassane, og om vi får betre klekkeforhold neste vår/sommar, er desse på plass for å produsere. Jaktutvalet har i fleire år vore aktive i predatorkontroll i jaktterrenget, og vil framover sjå litt på mulige årsaker til at vi har hatt ein fleirårig forholdsvis lav bestand. Dette året ser hovedårsaka ut til å vere den ekstremt våte og kjølig klekkeperioden, som har drept mykje kyllingar. (takseringsrapporten vert lagt ut på portalen)

Jakt i ein slik situasjon vil vere med risiko for stort uttak av stamfuglen, og med lite etterfyll av ungfugl, ville dette føre til ytterlegare nedgang i bestanden.

Orrfuglenbestanden har vore lav i fleire år, og freda.                                                    

Hareobservasjonar er også lave. Dette basert på lite sporobservasjonar sist vinter, og generelle observasjonar frå sauesankarar og andre. Jaktutvalet sin grunntanke er at den usikkerheita som skulle ligge i desse observasjonane, let vi felle rypa til gode, og ynskjer minst mogeleg risiko for bestanden.

 

For Jaktutvalet,

Rune Olsbø