SMÅVILTJAKTA PÅ NES

Rype/skogsfugltaksering i Nes 2023 I regi av FJFF vart det i september taksert i delar av ovanfornevnde område, for tiande året.

Publisert: 26. september 2022 kl. 19.53

Sist oppdatert: 14. september 2023 kl. 19.29

Takseringsområde og metode (sonetaksering), er samsvarande med 2022. Området har store mengder sau, og av god grunn mtp sanking/ettersanking, og hjortejakt, vart takseringa utsett til perioden 05- 09 september. Taksering so seint gjev alltid litt utfordringar mtp tilgang til personell. Dermed gjeld denne takseringsrapporten Nesterrenget, men det er grunn til å tru at trenden er lik i heile dalføret, sjølv om ein ser forskjel på nord og sørhelling. Snøen ligg betydeleg lenger i nordhellingane, og mattilgangen ser ut til å vere dårlegare. (ein trend for alle terranga vi takserer.

Pr no (10.09) er berre ein mindre del av Vonaterrenget taksert.

Takseringsforholda har vore over snitt varme for årstida, men ellers greie takseringsforhold.

Det har i sum vore 2 ekvipasjar med på Takseringane.


Metode:

Vi har 14 års erfaring med «sonetaksering» frå Gaularfjellet, og nyttar også denne metoden her, i tillegg til Grøfjellområdet i Kinn/Bremanger. Takseringsresultata i våre områder, har godt samsvar med resultat frå vår landsdel, og i år, heile Sør Norge.

 Taksering med hund er i hovudsak ideelt til lirype og orrfugl. Fjellrypa er vanskelegare å bestandsvurdere, men vert basert på tur/jaktmessig dekking av terrenget, sauesankarar, og andre.

Ekvipasjane har etter GPS-måling, gått 49 km, og med hund avsøkt 121 km på desse dagane. Eg opplever sonene godt dekka.

Generelt: 

Det er utfordringar knytta til vurdering av voksen rype vs kylling i denne tida, då kyllingane snart har same storleik som dei voksne. 

Under taksering i august er det noko enklare å vurdere, då storleiksskilnaden er større.  Skrattande steggar og oppflukt av heile kull, gjev sikrast vurderingar.

Kjennskapen til kullplassane/revirområde har vi etterkvart god kjenskap til, og ein finn normalt voksenpar/kull i nærleiken av desse områda.

Taksering 2022: 

Det var knytta stor spenning utvikling til lirypa dette året, då vi igjen fekk ein kald vår. I tida før, og under klekking, var vår tanke at det skulle vere nokonlunde greie klekkeforhold.  Andre veka i juli, vart det noko nedbør og kaldare forhold, som mulig kunne virke inn på overlevinga til kyllingane.

Tilbakemelding frå sauesankarar, hjortejegerar og turgåarar på observasjonar har likt i 2022. Det har vore enkelt fugl, og par med ingen, eller lite antal kyllingar.

Ein fellesnevnar er at kyllingane er relativt store og velutvikla. Dette er noko som tyder på at dei kyllingane vi ser, er i frå fyrste legging. Også dette året ser det til å vere lite omlagde kyllingar. 

Vi ser svært mange likheitstrekk med fjoråret, og det er store variasjonar i kullstorleikar også i 2023. Dessverre er det eit stabilt antall par utan kylling, og dei fleste har 1-3 kyllingar, og svært få med inntil 4-5 kyllingar. Som i 2022, er det positivt at stamfuglen ser ut til å vere i revirområdet.

Orrfuglen har etter vårt syn vore svært lav dei siste 10 åra. Vi observerte likevel eit kull med 3, mulig 4 kyllingar. Det er lenge sidan vi har observert eit slikt kyllingtal, så dette var positivt. Ellers ser vi nokre voksne orfugle på dei vanlegaste plassane. PS

 Vinterstid vert det observert ein del fugl i speltida. Desse reknar vi med kjem trekkande frå andre delar av nærliggande områder.

I dei områda vi hadde talrike orrekull første åra, er det mange år sidan vi observerte større kull. Fjff har hatt jaktfredning på orrfugl i mange år. 

Observasjoner 

Lirype (voksne): 3 lirypepar utan kyllingar,+ 6 par med kylling, i dei faste revira.

 Lirype (kylling) 19

Fjellrype: Vi brukar info frå sauesankarane,turgåarar : dvs små kull (1-3 kyllingar) og mindre antal kull observert enn vanleg. (var dårleg i dette området i 2021-22 også). 

Orrfugl :9 stk, derav 3 hanar, 2 høner. 4 kylling. 

Andre observasjoner

Ørn: Sporadiske observasjonar og vanskeleg å ha rett antal. Mindre observasjonar enn dei siste åra, men dette kan vere tilfeldig. Sauesankarane observerer stadig ørn, og meir ned mot bygda.

Ravn: Færre observasjonar under taksering, enn tidlegare, men før taksering vart det sett ein del.

Anna rovfugl (falk/hauk) 5 observasjonar under taksering, og noko mindre observert dei siste 2 åra. Sauesankarane ser jevnleg, og meir ned mot bygda. 

Smågnagarar (lemmen/mus). Som i 2022, vart det ingen observasjon, så her må det ha vore bestandskrakk over 2 år. I 2021 var det smågnagarår, noko som kanskje viser seg i takseringsresulatet for 2021. Dette samsvarar godt med 2 andre takseringsprosjekt vi har. Mangel på smågngarar føre som kjent til auka predasjon på øvrig småvilt.

Hare: 1 stk observert på taksering, og lite spor sist vinter. 

Mindre småfugl observasjonar i heile dalføret siste 3 åra.

Ikkje observert rev, og vi finn lite ekskrement frå rev.

Kyllingproduksjon 2023

Vi har for 2023 berekna ein kyllingproduksjon på ca 2,1 kyllingar per par. 

Dette viser lik trend i høve 2022: 2,0 (2021: 3,7,  2020: 3,5 2019: 1,6, 2018 5,2 og 2017 4,1)   (3,3 kylling pr voksenpar er rekna som tilvekst lik null)

Taksering, og observasjonar pr no, fortel om ein stabil stamfuglbestand i dalføret dei siste åra. Vi hadde håpa på ei betre klekking, og etablering av nye kullplassar i 2023. Men eit lavt kyllingtal også i 2022, gjorde kanskje at nyetableringar vart for mykje å håpe på. Tilbakemeldingane frå folket som ferdast i området, sauesankarar, hjortejegerar, og turfolk, er observasjon av generelt lite fugl, og små kull. Med bakgrunn i klekkeforholda i 2022/23, så er det truleg vanskeleg å få nok kyllingaproduksjon til å auke i stamfuglkapitalen i terrenget.

Spesielt for Nesmarka, er det mykje nordhellande terreng, som igjen vert utsett for sein snøsmelting, og dermed mindre næring i den akutte fasa i klekke/kyllingperioden. (dette såg vi  også på nordhellande terreng under takseringane på Gaularfjellet)

Det er god kontroll på mår og røyskatt rundt Vonavatnet. Vi held fram uttak av predatorar med fellefangst av mår/røyskatt, og åtejakt/lokkejakt av rev. Vi meinar å kunne stå inne for ein god predatorkontroll på Nes/Vona. Kråke og ravn vert jevnleg felt.

Predatorarbeidet held fram, og vi håpar fortsatt på at dette vil gje positive resultat framover. Det vert normalt observert mykje rovfugl, og predasjon frå desse freda artene, utgjer nok betydeleg skade for hønsefuglane. Vi er og usikker på kva måsepara som hekkar rundt fjellvatna har å seie for småviltpredasjonen.

Jaktuttaket har i fleire år vore minimalt, og langt under 15%, som forskarane tilrår som «ikkje skadeleg uttak» Merknad: Vi hadde total fredning på Nes i 2022. Derimot felte vi etter kontakt med Veterinærinstituttet 1 voksne og 2 kyllingar for parasittsjekk. Parasittar vart funne, men det vert fortsatt arbeidd med resultata, og vi er i kontakt med NINA. Veterinærmyndighetene uttalar i rapporten, å ikkje ha nok forskning og kunnskap denne parasitten. Vår tanke i dette er at: ei god helse er ei viktig forutsetning for formeiring/overleving. Vi arbeider vidare med dette, og tek utgangspunkt i at «alle steinar må snuast», for å finne årsak til den fleirårige svake kyllingproduksjonen/tilveksten som trengs, for at bestanden skal auke.

Fjellrypa er vanskeleg å seie noko bestemt om, då vi ikkje fekk kapasitet til å ha folk i høgfjellet under takseringa. Hund kan normalt ikkje brukast til denne takseringa.

Områder rundt oss: 

Generelt er det for andre året, meldt om ein generell nedgang i rypebestanden i midt/Sør-Norge, men tilbakemeldingar viser små lokale variasjonar. (ref: Hønsefuglportalen) Fleire uavhengige rapportar frå ulike jaktområder og jaktforvaltarar, fortel om til dels svært dårleg klekking. Svært mange Fjellstyre/rettigheitshavarar har, som i 2022, stengt jakta. Nordland og Finnmark har meldt om gode produksjonar. Takseringa vi hadde på Gaularfjellet i midten av august, viste også ein nedgang mtp kyllingproduksjon, men stabil stamfuglbestand. Svært ujevn kullstorleik der òg. (Det er verd å merke seg at dete er eit område med svært lite observasjonar av rovfugl, og ein aktiv predatorkontroll, som har pågått i mange år)

Dermed er det positivt at vi har ein relativt stabil stamfuglbestand over fleire år. Det har dei føregåande åra, vore ei god investering å forholde oss til svært avgrensa uttak. Ref 15% regelen. Prinsippet er sparing av stamfugl, og jaktuttak av kyllingar. Vi har i fleire år lagt opp til tilbakemelding og jaktrapportering kvar dag, slik at vi kan justere kvote opp/ned, om det skulle vise seg å verte andre observasjonar enn takseringa gav.

Orrfugl ser vi dessverre fortsatt for lite av, og denne har vore freda i mange år. 

Hare: svært lite observasjonar frå alle brukarar av terrenget, også mtp spor vinterstid. Dermed ser det ikkje ut til å vere jaktbar bestand.

Bakgrunning for fleire år med avkorta jakttid: Vi har over fleire år hatt fokus på å ta vare på den stadbundne stamfuglen (lirypa) i Nesmarka. Fjellrypa er ein meir flyktig fugl, og flyg over større områder. Den dannar flokkar allereie i August, og vårt moderate uttak på denne, har mindre innverknad for bestanden totalt sett. Likevel er den teken med i total årskvote, der vi håpar at uttak skal fordele seg nokonlunde likt mellom li og fjellrype. Vi har òg tenkt at i hovedsak vil det ved jakt på kvit vinterrype, vere uråd å skilje mellom artene, og mtp jakttrykk vil dette i hovedsak bli på lirype som sit i dalbotnen. Dette tenker vi vil gje eit større uttak av lirype/stamfugl, som vi er svært avhengig av, for å auke grunnstammen. Det er og eit moment at rype som overlever starten på vinteren, har komt over «første kneiken», og har større muligheit for å bli produserande kapitalfugl til våren. Derfor er det større potensiale for bestandsreduksjon ved vinterjakt, enn ved haustjakt. Då vil jakttrykket verte kontrollert, og fordelt på begge rypesortane, og på fugl som ikkje har vore utsett for den naturlege dødeligheita. Vinterfreding er eit av dei vanlegaste jaktregulerande tiltaka. Ref forsking forankra i «Rypeforvaltningsprosjektet», H.C.Pedersen/Storaas, og Statskog`s rypeforvaltning v/Breisjøberget.   Fjff er ei foreining med ca 300 medlemar, og meinar at vi med vår regulering mtp kvote og dagleg jaktrapportering, har teke høgde for bærekraftig forvaltning, sjølv om kyllingproduksjonen heller ikkje dette året, har gått som vi håpa. Vår tanke i jaktutøvinga, har vore at jegeren kan få teke turen med hagla i handa, og nyte flott terreng og rekreasjon. Den tvil vi måtte ha om bestandsobservasjonane, har vi tilgodesett småviltet.

Grunnprinsippet om å «så før ein haustar» og «hauste av eit overskot» er ein god leveregel i forvaltning av alle naturens ressursar. Og all logikk tilseier at med jakt på stamfuglen, går det i alle fall feil veg.

FJFF: Jakttid og kvote 2023. 

Med bakgrunn i den dårlege kyllingproduksjonen, og med fare for at jakt ville belaste stamfuglbestanden og mange av rypepara utan kylling, vart småviltjakta på Nes beslutta avlyst for hausten 2023.

For Jaktutvalet FJFF.

Rune Olsbø