Med skytetrening betrar du dine skyteferdighetar og du blir meir treffsikker og sikrare på deg sjølv i ein jaktsituasjon. Dette bidrar til en meir human for det viltet du jaktar på, noko ein kvar seriøs jeger bør etterstrebe.
Grovastøylen skyte- og aktivitetssenterOppstart av felles skyteområde i Flora kommune blei tatt i bruk våren 2015. På dette området har Flora JFF har ei leirduebane og ei viltmålbane. Medlemsskap i GAS vil gje tilgang til å skyte ved alle banene. I kalenderen til Flora JFF kva tider det er skyting på egen bane. Elles er det greit å følge oss på facebook om endringer i planane.
Sidan oppstart har leirduebana vert flittig brukt. Flora JFF har fleire autoriserte hagle- og rifleinstruktørar, samt ansvarshavande på alle skytingane. Om ønskeleg, vil instruktørane komme med råd og tips angåande skyting og skytestillingar. Vær derfor ikkje redd for å spørje om hjelp, om du følar du gjere noko feil, eller kan gjerast betre. Det er til saman 5 hagler til utlån på bana for dei som ikkje har våpen.
Spørsmål angåande bana, banetilbod eller arrangement kan sende mail til ansvarshavande, Eli Kristin Magnussen på eli.magnussen@enivest.net , evt ta kontakt på tlf nr 992 45 084
På viltmålbana har du mulegheiter til skyte både på faste målskiver og elg i bevegelse. Det vil bli satt opp faste tider i sesongen vår/sommer. Ellers vil det bli oppdateringer etter kvart på facebook dersom det blir ekstra skyting. Flora JFF er godkjent som rovviltbane, kun to i Sogn og Fjordane.
Spørsmål angåande viltmålbana og banetilbod kan sendast på mail til: steinar_tonheim@hotmail.com
Prisane er som i fjor, og gjeld for sesongen. Ein kan velge mellom å betale ein pris for heile sesongen, eller for kvar gong. I tillegg kjem kontigent til Grovastøylen AS.
Jegertrening med fri skyting inklusiv storviltprøve
Priser Viltmålbane 2026:
Skytepakke inkl. jegertrening og oppskytingar kr 200,-
Jaktfelt, Bjørneprøve og Store Rovvilt
Medlemmer gratis
Per aktivitet for ikke fjff medlemmer kr 100,-
Oppskyting uten skytepakke.
kr 200,-
GAS medlemsskap for alle brukerar av bana: kr 750,-
Treningsammunisjon og blyspiss til storviltprøve selges på skytebana. Ta med medlemskontigenten til FJFF og GAS.