Friluftsliv

-Sogn og Fjordane

Friluftsorganisasjonane i Sogn og Fjordane har starta eit samarbeidsprosjekt som heiter «FRILUFTSLIV FOR BARN OG UNGE».

Prosjektet går enkelt fortalt ut på å setje opp friluftstilbod for barn og unge i kommunen i ein felles kalender.

Kort bakgrunn for prosjektet:

Friluftsliv er viktig både for psykisk og fysisk helse. Barn lærer gjennom aktivitet og opplevingar dei deltek i, og tidleg introduksjon av gode friluftsopplevingar er viktig.

For å skape varige interesser, er gjentaking av gode opplevingar nøkkelen.

Slik det er i dag, tilbyr vi friluftsorganisasjonar gjerne nokre få sporadiske aktivitetar gjennom året. Saman kan vi tilby varierte og mange aktivitetetar. Dersom t.d. speidarane har 3 aktivitetar, jakt- og fiskelaget 3, Barnas Turlag har 3 og grendalaget har 3, så har vi faktisk 12 friluftsaktivitetar vi kan tilby! Det vert eit mykje meir føreseieleg, variert og godt tilbod.

Aktivitetane er gratis og er ope for alle. Verving er ikkje i fokus på aktivitetane, dei unge finn "sin organisasjon" etterkvart sjølv. Aktivitetane skal kunne definerast som "friluftsliv".

Alle friluftsorganisasjonar er velkomne til å delta. Ynskjer de å vere med, ta kontakt med [email protected] 


Vi prøver prosjektet ut først i kommunane Hyllestad, Luster, Gloppen og Kinn (gamle Florø-delen). Vi ynskjer etterkvart å utvide til heile regionen Sogn og Fjordane. 


Aktivitetsliste per 09.12.2022 for 2023: 
Friluftsliv for barn og unge_aktivitetsliste 2023

Mat over bål og mat frå naturen

Her får du oppskrifter på mat over bål med kjøt, fisk, pølser, egg, mel, brød med meir, samt middag, supper, smågodt og drikke frå naturen sitt matforråd.

 

Forsking viser at det kan vere helseskadeleg å grille mykje pølser på open flamme, så ha tolmodighet til å vente til glørne. Då får du også den beste smaken, og ikkje berre kalde svarte pølser!

 

MAT MED KJØT


Foliemix / Arabiske netter
Poteter, gulrøtter og kjøt skjærast i småstykker og leggast i smurt dobbel firkant av folie. Hell litt vatn over, og tilsett krydder etter behag. Legg på eit tettsluttande folielokk og dampkok innhaldet. Når den siste rest av vatn er vekke, legg nokre skiver smør mellom det øvrige. Ferdig etter ca. 10 - 15. min. i glørne.

Pytt i panne - utan panne
Kjøtdeig, lauk, eit par poteter og eitt egg. Finhakk lauken og skjær potene i små terningar. Smør folien inn med margarin. Pakk i flate porsjonspakkar med folie og steik det i glørne. Server med speilegg over.

Resting av kjøt på stein
Ta to store flate steinar og reingjer dei. Legg den eine oppå den andre med nokre små steinar mellom slik at det vert eit trangt mellomrom. Fyr opp omkring dei. Skjær kjøt i fingertjukke skiver på tvers av muskelfibrane. Bank biffane lett og form dei saman. Salt, lauk og pepper etter behag. Når steinane er heite, ta vekk glørne og legg biffane mellom steinane. Steiketid ca. 10 - 15 min.

Kjøtkaker i lauk
Skjær ein stor lauk over på midten og hol den ut slik at berre dei to ytterste ringane er att. I holrommet legg du kjøtdeig. Lauken smørast inn med margarin og pakkast i folie. Steikast i ca. 15. min, alt etter storleik på lauken.

MAT MED PØLSER

Pølser i slåbrok
Lag først deig til pinnebrød ( sjå oppskrift lenger nede), stikk så ein tynn barkekvist og oppvarma pinne av lauvtre gjennom ei grillpølse. Tvinn sy deigen rundt pølsa og steik det heile over glørne til brødet er lysebrunt.

Pølsebiff
Snitt ei røykt pølse på langs. Ein strimmel med ost puttast i snittet. Vikl ei tynn skive bacon utanpå og pakk i dobbel folie og rist i glørne.

Fylt pølse
Kjøtpølse, lauk, ost, gurøtter, rester av poteter osv. Finhakk alt som skal fyllast i bland det saman. Snitt pølsa på langs, og legg fyllet i sprekka. Pakk det så inn i folie med ein klatt smør og steik i glørne ca. 10 min.

Pølse på ribbe
4 skiver pølse, 4 skiver flesk, 4 potetskiver og 4 tomatskiver. Tre alle skivene annankvar gong på spiddet. Steiketid ca. 10 min.

Pølse i svøp
Rull ein vanleg grillpølse inn i 2 skiver bacon og stikk det heile på ein pinne. Steikast til baconskivene er sprø, etast med brød eller bakt potet.

MAT MED FISK

Fisk på spidd
Rens fisken godt, men la hovudet sitte att. Bind fisken fast til ei pinne som stikkast loddrett ned i glørne med hovudet ned. Det heile passar seg sjølv. Når hovudet er forkulla er fisken ferdig til servering. Abbor er spesielt eigna.

Melfisk i folie
Passar best for feit fisk, t.d. makrell. Rundrens fisken, vask og smør på smør utanpå, saltast og peprast. Pakk i dobbelt folie og legg i ei grop under glørne. Ferdig etter ca. 1/2 time.

Fisk steikt i papir
Rens fisken og gni den inn med salt. Ha gjerne litt grønt eller ein klatt med smør i buken. Pakk inn i eit papir som er fukta. Kvart papirlag pakkast så tett og godt om fisken som mogleg og brettast inn i endane. Det heile må bli så tett som råd før det gravast ned i glørne. Ferdig etter ca. 15. min.

Grillsteikt fisk
Rens fisk og legg på rist som du lagar av friske bjørkegreiner. Gni fisken med litt salt og margarin, steik over glørne.

MAT MED EGG

Speilegg på stein
Vask ein flat stein (evt. lokk eller spade) av passande storleik. Legg den i eit skikkeleg gløndande bål og la den bli gjennomvarm, ta ut av varmen. Ta på smør før du knekker egget på steinen.
Variasjon: Slå egget i ein brødring på steinen, ring av bacon, laukring etc.

Kokt egg
Egg kan kokast i ein uthola sitron, potet, lita nepe, appelsing, lauk eller tomat. Skjær av toppen og hell egga oppi. Lokket setjast på og det hele leggast i glørne og dekkast til av folie. Ferdig på ca. 8 - 10 min.

Egg og bacon
Legg på to skiver bacon i midten av folien, legg på ein ring av brød oppå. I den slå ut eit egg. Oppå der legg to nye skiver bacon. Lukk pakka og steik på begge sider i ca. 15. min.

Egg i konvolutt
Smør ein konvolutt inn med smør, slå hol i egget og tøm innhaldet i konvolutten. Lim konvolutten igjen rundt ein pinne og hald den over glørne.

MAT MED MEL

Pinnebrød
250 g. mjøl, 1/2 ts. salt, 1/2 ts. bakepulver, 1 ts. margaring og 1 1/2 dl. mjølk. Bland det tørre og spe med mjølk litt etter litt. Deigen skal vere seig. Steik ved å rulle ei pølse av litt deig, snurr det rundt ein pinne. Når brødet slepp pinnen etter ca. 15 - 20 min. er det ferdig. Kan fyllast med syltety.

Pannekaker
Ca. 10 pannekaker: 2 koppar kveitemjøl, 1/2 ts salt, 1 egg, 3 koppar mjølk og 1 ss smør. Alt rørast til ein ikkje for tjukk deig. Røra bør stå ei stund slik at melet får svelle. Steik på godt smurd folie.

Pikibrød
Oppskrift frå puebloindianarane: 1 kopp kv.mjøl, 1 kopp maisenna ca. 2/3 kopp med vatn, 2 ts bakepulver, 2 ss maisolje eller margarin, 1/2 ts salt og aske etter smak. Blad fyrst det tørre, og gni inn olje / margarin og rør så i vatn forsiktig inntil deigen er smidig utan at den blir så våt at den limar seg fast til fingrane. Bak så tynne lappar som mogleg. Desse steikast nokre minutt på kvar siden på ein boksomn eller på ei godt oppvarma steikehelle.

MAT MED BRØD

Ostesmørbrød med tomat
Legg nokre tomatskiver på eit stykke brød med mykje ost på og rist det heile over glørne. Når osten byrjar å smelte er det ferdig.

Appelsinguff
2 tjukke skiver loff, 1/2 appelsin og sukker. Appelsinen skrellast, båtane leggast på eit stykke loff. Dryss sukker over og legg ei loffskive øverst. Rist til loffen er gyllen, på gaffelgrein eller folie.

Askebrød
2 tjukke loffskiver, 1 skive skinke og 1 tjukk skive ost. Legg saman loff, skinke og ost. Steikast på gaffelgrein eller folie til osten smeltar.

Kefirbrød
Bland litt sirup i melk og la nokre brødskiver ligge i blandinga til dei er gjennomtrekt. Rist brøda over glørne.

Bananriddere
Du treng: 1 banan, 2 skiver loff, smør, sukker og kanel. Smør loffskivene på den eine sida. Strø sukker og kanel og klem skivene saman med smørsidene ut. Pakk inn i folie og steik i glørne.

MAT MED FRUKT

Steikte epler
1 stort eple per person, brunt sukker og rosiner. Vask eplene godt og ta ut kjernehusene. Fyll med brunt sukker og rosiner. Smør eplet med smør og pakk i folie. Setjast i glørne ca. 15 min.

Speidersplitt
Skjær eit snitt på den bua sida av bananen, fyll med små bitar kokesjokolade. Pakk bananen i folie og steik i ca. 5 min i glørne.

Filippinske bananer
1 banan, smør, litt grapejuice, sukker og kokosmasse. Bananen skrellast, delast på langs og leggast i folie. Hell litt sukker og juice over. Lukk folien godt og legg pakka i glørne. Pynt med kokosmasse.

SMÅGODT

Gaggany Spesial
Havregryn, sukker og tørrmelk blandast med vatn (ikkje for mykje vatn). Bland i godstoff som kokos, kokosrasp, rosiner, syltetøy og grillmel. Knekkebrød og minst ein liter te ved sidan av. Då er du utørst i 5-6 timar.

Kowaya knekk
3 deler havregryn, 2 deler sukker og 1 del smelta smør. Alt blandast godt og pakkast i ein tjukkelse av ca. 1 1/2 cm i folie som steikast i glørne i ca. 10 min.

Fuglefrø
Ein del honnikorn, 2 deler sjokoladebitar, 2 1/2 deler usalta peanøtter og 1/2 del rosiner. Alt blandast i ein plastpose.

Osterullader
Skjær jarlsbergost i små terningar, og rull dei inn i ein skive skinke. Tre desse inn på gaffelgrein og steik i glørne.

Engelsk morgonmat
Rull ei skive bacon rundt ei sviske. Fest rullen med tannstikker som stikkast gjennom. Pakk i folie og steik i ca. 5 min.

Snask-kjøt
Bank eit kjøtstykke heilt flatt og fyll på eplebitar, svisker, persille, lauk el. liknande. Ta på salt og pepar. Rull saman og pakk i folie, legg i glohaugen.

Honningblokker
1 del rosiner, 1 del fiken, 1 del tørka aprikos, 1 del mandlar eller rista peanøtter, 1 ts sitronsaft og honning for å binde saman. Mal rosiner, fiken og aprikos på ei kvern, bland i hakka mandlar og sitronsaft. Ha i nok honning så deigen blir seig. Form dei til stenger som pakkast i folie og steikast.

MIDDAGER

Stuede røtter
Forvell ca. 1 liter røtter. Skjær opp i små bitar og kok saman med 4 oppskårne poteter. Mos potetene og røttene. Lag kvit saus ved å smelte smør, rør i kveitemjøl, ha i mjølk og rør ut alle klumpane. Rør ut mosen i sausen og krydr med salt og pepar.

Bakte røtter
Kok røtene halvvarme og hell ut vatnetn. Skyll i kaldt vatn, rull røtene i steikt kavring. Smør ei panne og legg røtene tett. Nokre smørklattar over røtene er ein fordel, så blir dei ikkje så tørre. Steik til dei er pent brune, helst i omn.

Løvetanngodt
Grav opp løvetannrøter og skrap dei med kniv. Kok i 15 min. og hell av vatnet. Fres strimla purre i litt smør, la røttene frese med. Det skal berer koke ei stund under lokk så purra vert mjuk. Legg på osteskiver og legg over lokk så osten smeltar. Serverast direkte frå gryta.

SALAT

Løvetannsalat
Ta opp løvetanna og sorter det kvite lanalegget frå rot og blad. Skyll godt og la vatnet renne av blananlegga. Bland ein sataldressing av 1 ss eddik, 1 ss solsikkeolje og litt pepar. Mos opp litt graslauk, til slutt : bland graslauk, salatdressing og løvetannbitar i ein salatbolle.

BRØD

Eikenøttbrød
2 1/2 dl eikenøtter, 5 dl sur melk, 1 ss olje, 1 ss sirup, 50 gram gjær og 8 dl rugmel/ kveitemjøl. Plukk eikenøtternår dei er heilt utvokst og grønne, men før dei vert brune. Rens dei for det skålliknande festet. Kok nøttene i 5 min. Skyll i kaldt vatn og ta av skallet (skrell frå toppen med ein liten skarp kniv). Innanfor skalet er nøtta delt i to halvdelar omslutta av ei tynn hinne. Fjern hinna og kok deretter nøttene til dei er heilt mjuke ( ca. 1/2 time). Vatnet bør bytast eit par gonger, då forsvinn den bitre smaken. Hakk nøttene med ein kniv og mos dei til mel. Rist melet ved å legge det i ei gryte og sett den på ei varm plate. Rør heile tida og rist til meleg mørknar i fargar. Avkjøl. Deig: Gjær løysast opp i den lunkne mjølka, tilsett salt og sirup. Rør om og tilsett så eikenøttmel og 8 dl. rugmel/-kveitemjøl til ein smidig deig. Hev i 1/2 time, form brødet og hev i 1/2 til. Steik i 200 grader i ca. 3/4 time. Pensl med vatn og pakk inn i eit håndkle så skorpa ikkje vert for hard.
Rognebærgraut
Kok ca 4 dl bær med 1 1/2 dl. vatn. To søte epler kan tilsetjast. Smak til med sukker. Kok opp og tilsett 15 g. potetmel blanda med litt vatn. Gje alt eitt oppkok til. Server avkjølt.

PÅLEGG-SORTAR

SyrepåleggGni ut dei fine syreblada med sukker og bruk det som smørbrødpålegg.

Bøkeblader
Dei friske blada er veldig velsmakande, eldre blader kan hakkast fint og blandast med smør, eit deilig pålegg til alminneleg brød.

SUPPER

Vårsuppe
Bruk ca. 200 g grønt av ulike plantar, t.d. løvetann, åkerdylle, karvekål og vårkål eller anna. Vask blada og lag ein liten buljong. Smelt i ein ss smør og ha i 3 1/2 ss kveitemjøl (ha i litt om gangen av buljongen). Når suppa er blitt tjukkare, hakkar du blada og dryssar dei i suppa. Gje eit oppkok, finhakka syreblad gjev god smak.

Suppe med sterktsmakande røterBruk løvetann, hundekjeks, kvann. Forvell røtene fyrst, (kok veldig kort og hell ut vatnet), kok like mengder røtter og poteter i lite vatn. Spe med mjølk, mos røtene med ein gaffel, ha i litt buljong. Steik litt brød i terningar og server dei til suppa. Bruk meir mjølk om suppa er for sterk.

Syresuppe
Bruk ca 200 gram friske syreblad som du finhakkar. Tilsett 1 l vatn og kok opp. Tilsett 1 ss potetmjøl blanda med litt vatn og gje eit oppkok til. Smak til med sukker og server suppa kald eller varm.


DRIKKER

Te av barnåler
Dei unge skota på furu og gran inneheld C-vitaminer og vart brukt mot sjørbuk i fleire hundre år. Bar-te lagast av friske nåler som støtast i morter, hell kokande vatn over og la det trekke nokre minutt. Einebuskenåler er også fine å lage te av.

Frukostte: Knuste nyper og knuste einebær gjev ein koseleg mogonblanding og billege C-vitaminer. Honning smakar godt til.

Skogste: Blad av tyttebær, blåbær, bringebær, lyngblomster, rignebær og einebær. Hvis teen vert laga om sommaren, kan du ta med friske bær. Engblanding: Bjerkeblad, kløverblad, åkermynt, geitrams, markjordbær og kamille.

Kaffeerstatning
Dette lagar du av røtene til geitrams, kveke eller løvetann. Skjær røtene i små stykker, tørk dei over varme - brenn dei. Med brenning meiner ein då å varme røtene så mykje at dei byrjar å forkulle. Knus røtene og kok kaffe på vanleg måte.

 

Aurland kommune

Raste / fiskeplass i Stemmerdalen og fiskeplass ved
Bankhølen i Aurlandselva, Langesi og Myklebustdalen.
Meir informasjon: Aurland kommune, 57 63 29 00
 
 

Bremanger kommune

Badeplass ved Grotlesanden.
Meir informasjon: Bremanger kommune, 57 79 63 00

 

Eid kommune

Skytebane tilrettelagd for funksjonshemma ved
skyteanlegget på Tua.
Meir informasjon: Eid jfl ved Jan Inge Kleppe, 48 03 35 10 [email protected]
 
 

Gloppen kommune

Fiskebrygge ved Veslevatnet.
Meir informasjon: Gloppen kommune, 57 88 38 00, www.gloppen.kommune.no



Hornindal kommune

Fiskeplass med grindverksbygg og gapahuk ved Storelva. Hornindal Grunneigarlag ved Ola Roar Fannemel.
Meir informasjon: Hornindal kommune, 57 87 98 00, www.hornindal.kommune.no
 

 

Stryn kommune

Fiskebrygge ved Ulvedalstjønna på Blaksæter.
Fiskeplass på Dispen i Strynsvatnet.

Tilrettelagt for universell utforming. Grunneigarlag sitt fiskekortområde nederst på Oppstrynsvatnet. Kontaktperson er Jon Roger Meland (adresse Stryn).

Kontaktperson Stryn kommune ved Odd Rønningen, Tlf 57874716

 
Meir informasjon: Stryn kommune, 57 87 47 00, http://www.stryn.kommune.no
 
 

Vik kommune

Fiskeplass ved lakseelva Vikja. 100 meter strekning som er støpt og sett opp lavt gjerde. Fiskekort for handikappa: 50% rabatt.
Biletet av laksefiskaren er tatt ved Vikja.
Meir informasjon: Vik kommune, 57 69 82 00, http://www.vik.kommune.no
 
 

4H har laga ein oversikt over tilrettelegging for funksjonshemma over heile landet:  Tilrettelagte friluftsområder - 4H hefte