Torsdag 21.08.25 kl 17 vert det aversjonsdressur i regi av Gloppen jeger og fiskarlag. Aversjonen er åpen for alle hunderasar. På oppmøtestaden vil instruktørane gje informasjon, og ein gjennomgang av kva og korleis aversjonen vil foregå. Ikkje ta ut hunden av bilen før det er din tur.
Instruktørar: John Inge Sørland og Frode Støyva
Registrering:
- Alle hundeeigara må registrere hunden sin på Aversjonsbevis. Innlogging via vipps.
Betaling via vipps:
1.gong aversjon kr 400.
Retesting kr 200. Ved framlagt bevis for tidlegare aversjon.
Viktig Informasjon:
- Hunden som skal på aversjon bør gå med «dummy» rundt halsen. Se eige vedlegg.
- Nytt i år: Vi brukar elektronisk registrering. Instruktøren vil skanne QR-kode fra hundeeiers side på www.aversjonsbevis.no. Du vil dermed motta aversjons beviset elektronisk.
- For retest; hundar som har beviset frå tidligare tar med gammalt bevis.
Informasjon fra NJFF: Aversjonsdressur