Jegertrening for jenter/damer på riflebana frå kl. 12-14.
100, 200 meter og elgbane.
Her kan du møte på riflebana å skyte i lag med andre jenter/damer og få instruksjon frå erfaren rifleinstruktør. Det er god stemning på desse "dameskytingane", og låge skuldre. :)
Vi har våpen til utlån i kaliber 6,5, og du betaler for dei skota du bruker på bana.
Deltaking er gratis for deg som er medlem i NJFF/JSKL, men er du ikkje medlem så betaler du 200,- for å nytte tilbodet vårt.
Det er lurt å bli medlem, du sparar mykje penger på sikt. Du kan bli medlem her: Bli medlem
Aktiviteten er forbehold jenter/damer fram til kl. 13.00, etter dette er det ope for alle å bli med siste timen.
Skota er tellande som obligatoriske før skyteprøva, og du kan og ta storviltprøva denne dagen.
Adressa til skytebana er: Orkavegen 335, 6847 Vassenden