Denne søndagen er det jaktskyting med jaktsti som er forbeholdt jenter/damer. Skyting på ymse hold og dyrefigurar. Du må melde deg på, og får tildelt oppmøtetid etter kva gruppe du skal være med på.
Du må ta med deg minst 20 skot.
Dette er super trening før jakta, då du skyter på forskjellige dyrefigurar og må vurdere avstand sjølv.
Du går gjennom ei løype i lag med instruktør og får vurdere skytestilling etterkvart som du kjem mot blinkane, eller at blinkane snur seg.
Det er ikkje høve til å skyte frå standplass denne dagen!
Vi har våpen til utlån i kaliber 6,5, og du kan kjøpe ammunisjon på bana.
Deltaking er gratis for jenter/damer som er medlem i NJFF, men er du ikkje medlem så betaler du 200,- for å nytte tilbodet.
Det er lurt å bli medlem, du sparar mykje penger på sikt. Du kan bli medlem her: Bli medlem
Skota er tellande som obligatoriske før skyteprøva.
Adressa til skytebana er: Orkavegen 335, 6847 Vassenden