🎯Velkommen til treningsskyting på skytebana i Dvergsdalsdalen!
💥Første halvanna timen denne kvelden er satt av til skytetrening for ungdom og for deg som har lite erfaring med skyting frå før Her får du skyte med instruksjon frå autorisert rifleinstruktør. Vi har utlånsvåpen og skot så du treng ikkje å ha eige våpen.
🏹Frå kl. 19.30 er det jentene/damene som får ha bana for seg sjølv. Vi har våpen til utlån til deg som ikkje har eige våpen, så ta gjerne med deg ei venninne.
Denne kvelden er det rifleinstruktør Ann Kristin som er på standplass.
Adressa til skytebana er: Orkavegen 335, 6847 Vassenden
(Er det ingen att på standplass kl. 20, stenger vi for kvelden). Obs!: Jølster JFF har ikkje sal av ammunisjon på bana til anna enn rekrutterinsskytinga. Du må ta med deg skot.