Jølster JFF inviterer jenter/damer til å bli med på aurefiske i Jølstravatnet.
Tidspunkt: laurdag 28. juni frå kl. 17.00 til søndag 29. juni kl. 13.00
Stad: Sanddalen, på sørsida av Jølstravatnet.
Pris: Kr. 400,- for medlem i NJFF, kr. 700,- for ikkje-medlem. Prisen inkluderer fiskekort, overnatting og enkel mat som alle er med å tilberede.
Påmeldingsfrist: innan måndag 23. juni.
Overnatting i privat bustad, 7 sengeplasser (tre dobbeltsenger og ein enkeltseng) hos underteikna, alternativt kan du sove i telt eller parkere campingvogn/bubil.
Vi set ut botngarn og fisker frå land eller frå båt. Trekking av garn tidleg søndag morgon. Frukost og fiske fram til lunsj.
Vakre Astruptunet ligg berre 2 km unna og om det er stemning for det så avslutter vi med ein tur bort der, vi kan og bestille omvisning for gruppa (130,- /pers ekstra).
Skriv gjerne i kommentarfeltet i påmeldinga om du har lyst på omvisning på Astruptunet.
Du må ha med deg:
- Fiskestang/sluk
- Flytevest
- Eigna kle og fottøy etter været
- Sengetøy eller lakenpose
- Handkle
- Evt. snacks og drikke
Fiskekortet gjeld for heile Jølstravatnet, elva Jølstra frå Stakaldefossen og oppover og Stardalselva.
Gje beskjed om du har nokre allergier. Obs, det bur hund i huset. :-)
Velkommen til fagre Jølst og til ei triveleg jentesamling!
Vennleg helsing Ann Kristin