AVLYST! Grunnkurs aurefiske

  • Fra:
    04.09.2024 kl. 18.00
  • Til:
    11.09.2024 kl. 20.30
  • Varighet:
    2 samlingar
  • Sted:
    Nikolai Astrpus veg
  • Pris:
    Medl: 200,- / Ikke medl: 500,-
  • Påmeldingsfrist:
    31.08.2024
  • Arrangør:

Jølster JFF inviterer til grunnkurs i aurefiske med Egil Arne Tefre. Oppstart 4. september kl. 18.00.
Egil er fiskeinstruktør, og har lang erfaring med fiske.

Dette kurset passer for deg som har fylt 14 år og ikkje har mykje erfaring med fiskestonga. 
På kurset får du innføring i:

  • Kva utstyr du treng til kva type fiske du skal drive med
  • Korleis rigge stang og snelle, og sette snøret på
  • Kva knuter må du bruke for å halde sluken fast i snøret når storfisken bit
  • Kasteteknikk
  • Kor står fisken i vatnet
  • Ka gjer du når du har fått fisken på land

Kurset går over to kveldar frå kl. 18.00-20.30, og består av praktiske øvingar med instruksar undervegs.

Vi kjem tilbake med meir info om stad, men det vert på sørsida av Jølstravatnet.

Tidspunkt: 
4. september kl. 18.00 - 20.30
11. september kl. 18.00 - 20.30

Pris for kurset:
Medlem i NJFF: Kr 200,- 
Ungdom 14 til 16 år: Kr 200,- 
Ikkje medlem i NJFF: Kr. 500;-
For deg som er over 16 år må du også løyse fiskekort. Fiskekort kan du kjøpe ved Jølvassbu camping, eller på jolstraaure.no/fiskekort

Fiskeutstyr:
Har du ikkje eige utstyr så kan du og låne det til kurset, det må du i såfall skrive inn i påmeldinga.
Du vil også få god pris på kjøp av fiskeutstyr, så ta kontakt med Egil så får du tips til kva du treng. E-post eller telefon/SMS: 47764030.

Påmeldingsfrist er 31. august. 
Det er begrensa antal plasser på kurset, så vær rask med påmelding.

Legg i kalender
KONTAKT

Ann

Tlf: 41200591

Del: