AVLYST! Hjortejakt for kvinner 14. september 2025

  • Fra:
    14.09.2025 kl. 08.00
  • Til:
    14.09.2025 kl. 17.00
  • Varighet:
    9 timer
  • Sted:
    Sanddalen, Jølster
  • Pris:
    Medl: 200,- / Ikke medl: 600,-
  • Påmeldingsfrist:
    07.09.2025
  • Arrangør:

Aktiviteten er avlyst grunna at det ikkje er nok påmeldte til å gjennomføre jakta.

Jølster JFF inviterer jenter/damer til hjortejakt i vakre Sanddalen, Jølster. 
Det er stor moglegheit for at du får sjå hjort i løpet av helga, og Sanddalen kan for øvrig tilby flott natur med fantastisk utsikt frå hjorteliane.
Det er begrensa med deltakarar på denne jakta, så ikkje vent med å melde deg på.

Det er introjakt laurdagen, så om du er fersk på hjortejakt så kan du og bli med på den, så får du to dagar med hjortejakt! Sjekk ut eige arrangement på den jakta i kalendaren her.

Påmeldingsfrist 7. september.

Du må være kvinne over 18 år. Alle må legge fram våpenkort/utlånserklæring før jaktdagen.
Vi forventar at våpenet er godt innskote med ekspanderende ammunisjon og attest på godkjent skyteprøve for inneværande jaktår skal dokumentarast, sendast i eige e-post før jakta.

Du må sjølv ordne transport til og frå jakta. Normalt god fysisk form er en nødvendigheit, men om du har utfordringar med å bevege deg så gje tilbakemelding om det så prøver vi å tilpasse for deg.
Du må ha med deg:
Jaktradio
og signalfarge på kle.
Eige våpen og ammo.
Appen WeHunt installert på smarttelefon (kode for jakta får du nokre dagar før).
Mat og drikke.

Medlem i Jølster Jeger og Fiskerforening har førsteprioritet til å være med viss fullteikna.
 

Jakta leggast opp som at du er medlem av eit jaktlaget denne dagen, og du må såleis berekne å delta både som drivar og postjegar.

Har du drivande hund du har lyst å ha med deg under jakta, så ta kontakt. Terrenget er fint for laus hund, og ingen farlege veger eller elvar. 

Viss du har ønske om ein «fadder» med deg under jakta, så prøver vi å tilpasse det så langt det lar seg gjere, men vi kan ikkje love det til alle, og du må kanskje "ta til takke" med ein mann då. :-)
Alle medlemmane må rette seg etter dei beskjeder jaktleiar gjer.

Vi startar med felles samling kl. 08.00 der vi fordeler postar/oppgåver. Vi held på til ca kl. 16-17 viss alt går etter planen.

Felles lunsjpause midt på dagen og ny jakt etter lunsj. Du må ha med eiga niste/drikke. 

For medlem i Jølster JFF: Kr. 200,-.
For medlem i andre lokallag i NJFF: 350,-
Du må oppgi medlemsnummer ved påmelding.
For ikkje medlem i NJFF: Kr. 600,-.
Observatør utan våpen: 100,- 


Kjøt frå felte dyr kan ein kjøpe grovpartert for kr. 60,- pr kg.

Har du lyst å bli medlem, og få medlemsprisar på kurs og aktivitetar, meld deg inn her: njff.no/medlem

Påmeldinga er økonomisk bindande.
Avmelding med legeerklæring: full refusjon minus gebyr på kr. 50,-.
Ved avlyst arrangement får deltakar full refusjon.

Legg i kalender
KONTAKT

Ann Kristin Gaare

Tlf: 41200591

Del: