Har du hund, og ønsker å få tips og trene den på grunnleggande dressur/kvardagslydnad?
Vi prøver oss på eit nytt tilbod i lokalforeininga, og arrangerer "pop-in" hundetrening på parkeringsplassen ved skyttarstadion denne søndagsettermiddagen.
Du får tips og råd av autorisert instruktør i NJFF Sogn og Fjordane innan Jakthunddressur, Jakthundinstruktør trinn 2 og Forbundsinstruktør Ettersøk, Ann Kristin Gaare.
Det er ikkje terminfesta skyting på bana på dette tidspunktet, så du kan trygt kome med hunden din sjølv om den kanskje er skotredd. :-)
Her er alle velkomne, du treng ikkje å ha jakthund for å bli med.
Tilbodet er gratis for medlemar i Jølster JFF, og er du ikkje medlem betaler du kr. 50,- på Vipps til lokalforeninga ved oppmøte.
Du må ha med deg:
- Rikeleg med godbiter til hunden
- Vatnskål
- Halsband og kobbel til hunden (ikkje sele).
- Hundepose - alle må plukke opp bæsj etter egen hund
- Har du kvalp, ta med bilen så kvalpen kan kvile i mellom øvingane.
Vi praktiserer hundetrening med positiv og lystbetont innlæringsvei. Det skal være kjekt å både være hund og å ha hund. :-)
Ta kontakt om du har spørsmål.
Vel møtt!
Adressa til skyttarstadion er Orkavegen 335, 6847 Vassenden