Opplæringsjakt på hjort 19. oktober 2024

  • Fra:
    19.10.2024 kl. 07.00
  • Til:
    19.10.2024 kl. 16.00
  • Varighet:
    9 timer
  • Sted:
    Sanddalen, Jølster
  • Pris:
    Medl: 200,- / Ikke medl: 600,-
  • Påmeldingsfrist:
    13.10.2024
  • Arrangør:

Er du fersk hjortejeger eller er nysgjerrig på korleis hjortejakt foregår?
Har du tatt jegerprøven, men ikkje har kome deg ut på jakt enno?
Bli med på opplæringsjakt/introjakt.
Det er stor moglegheit for at du får sjå hjort i løpet av helga, og Sanddalen kan for øvrig tilby flott natur med fantastisk utsikt frå hjorteliane.
Det er begrensa med deltakarar på introjakten, så ikkje vent med å melde deg på.

For dei over 18 år må kvittert jegeravgift for inneværande jaktår dokumenterast. Alle må legge fram våpenkort/utlånserklæring før jaktdagen.
Vi forventar at våpenet er godt innskote med ekspanderende ammunisjon og attest på godkjent skyteprøve for inneværande jaktår skal dokumentarast.

Du må sjølv ordne transport til og frå jakta. Normalt god fysisk form er en nødvendigheit, men om du har utfordringar med å bevege deg så gje tilbakemelding om det så prøver vi å tilpasse for deg.


Du må ha med deg jaktradio og signalfarge på kle. Medlem i Jølster Jeger og Fiskerforening har førsteprioritet til å være med viss fullteikna.

Kva er introjakt, og kven kan bli med på det? Les meir om introjakt her.
 

Jakta leggast opp som at du er medlem av jaktlaget denne dagen, og du må såleis berekne å delta både som drivar og postjegar.

Viss du har ønske om ein «fadder» med deg under jakta, så prøver vi å tilpasse det så langt det lar seg gjere.
Alle medlemmane må rette seg etter dei beskjeder jaktleiar gjer.

Vi startar med felles samling kl. 07.00 der vi fordeler postar/oppgåver.

Felles lunsjpause midt på dagen og ny jakt etter lunsj.

For medlem i Jølster JFF: Kr. 200,-.
For medlem i andre lokallag i NJFF: 350,-
Du må oppgi medlemsnummer ved påmelding.
For ikkje medlem i NJFF: Kr. 600,-.
Prisen inkluderer lunsj (bålmat).
Kjøt frå felte dyr kan ein kjøpe grovpartert for kr. 60,- pr kg.

Har du lyst å bli medlem, og få medlemsprisar på kurs og aktivitetar, meld deg inn her: njff.no/medlem

Avmelding innan påmeldingsfrist: Full refusjon utenom eit gebyr på kr. 50,-.
Avmelding etter påmeldingsfristen fram til 48 timer før kursstart: 50% refusjon.
Avmelding innan 48 timer før kursstart: ingen refusjon.
Avmelding med legeerklæring: full refusjon minus gebyr på kr. 50,-.
Ved avlyst arrangement får deltakar full refusjon.

Legg i kalender
KONTAKT

Ann Kristin Gaare

Tlf: 41200591

Del: