RYPEJAKTA ER AVLYST - Rypa er freda i heile gamle Jølster kommune i 2024.
Sjå vedtak frå grunneigarlaget her: Info om rypejakta
Vi inviterer deg med på introjakt på rype i Dvergsdalsdalen. Les meir om introjakt her:
njff.no/jakt/introjakt
I Dvergsdalen er der fleire moglegheiter for å finne rype. Vi går opp på høgfjellet, nærare bestem Nyken, og speidar etter ryper som vi kan snike oss inn på. Rypene kan også bli støkka opp når vi går så her kan det bli mulig å få skyte ryper både på flukt og i ro. Kikkert er eit godt hjelpemiddel!
Ta med varme kle. Kle som er synlege er også viktig evt ein refleksvest eller oransje caps/hue.
Oppmøtestad: Parkeringsplassen ved Dvergsdalsstøylen. (Nederst i kraftverksvegen)
Du må ha gjennomført jegerprøveeksamen og ha betalt jegeravgift for inneværande jaktår. Hugs å ta med våpenkort og ID.
For meir info ta kontakt med Karianne D. Bøyum eller Kåre Sætenes Strømmen