Supre forhold for isfiske no.🤩
Blir du med på Isfiske i Dalevatnet i Dvergsdalsdalen?🐟 - Har du aldri prøvd det seier du? Då kan du få tips og råd av oss. 🎣
Dette vert kjempekjekt! 🥳
Vi borer fiskehol i isen og held bål til å varme seg på og grille mat ved gapahuken der.
Ta med deg:
✅Varme kle, lue og sko
✅Mat og drikke - vi fyrer opp bålpanna viss du vil grille deg mat
✅Stol evt. sitteunderlag
✅Hovudlykt eller lommelykt
✅Noke å ha fangsten i til heimreisa 😊
✅Fiskeutstyr og agn/sluk viss du har sjølv, men du får låne utstyr av oss.
Hugs å melde på så vi veit kor mange som kjem (så alle får tilgang til fiskeutstyr) Påmeldingsfrist 9. februar.
Barn under 13 år må ha med seg foresatt.
Det er lurt å ha med eit lag isolasjon mellom is og sko, til dømes eit sitteunderlag.
Det er og smart å ha varme-element i sko og vottar. Ein-gongs fungerer supert.
Dette vert ei kjekk kveld på isen. Vi håper å sjå deg.😊
Tidspunkt: 12. februar frå kl. 17.30 til kl 20.00
Stad: Dalevatnet i Dvergsdalsdalen (Sjå kart)