Rekrutteringsskyting for kvinner 7. juni 2023

Det vert "dameskyting" 7. og 21. juni, samt 7. august

Desse dagene er berre for jenter/kvinner, som ein del av kvinnesatsinga til NJFF
Rekrutteringskytinga er forbeholdt deg som er relativt fersk skyttar/jeger.

Her får du instruksjon i grunnleggande skyteteknikk av våre rifleinstruktørar, i både liggande, sittande og ståande skytestilling. Du får hjelp til å kontrollere avtrekk og gode tips og råd for gode skot og sikker våpenhandsaming. 

Rekrutteringsskyting er gratis, du betalar berre for skota du kjøper på bana. Betaling med Vipps på staden.

Vi har to rifler til utlån på bana, du treng altså ikkje ha eige våpen for å bli med på våre arrangement. Ta med ei venninne og kom!

Legg i kalender
KONTAKT

Rune Ytredal

Tlf: 97742632

Jølster JFF

Tlf: 41200591

Del: