Jegerprøvekurs 2024

  • Fra:
    14.03.2024 kl. 18.00
  • Til:
    02.06.2024 kl. 16.00
  • Varighet:
    9 samlingar i perioden mars - juni
  • Sted:
    Skei skule
  • Pris:
    Medl: 1500,- / Ikke medl: 2700,-
  • Påmeldingsfrist:
    03.03.2024
  • Arrangør:

Jegerprøven kan du ta frå det kalenderåret du fyller 14 år. 
Jølster Jeger- og fiskerforening arrangerer Jegerprøvekurs våren 2024 med oppstart torsdag 14. mars kl. 18.00 og har undervisning torsdagar fram til og med mai/juni månad, litt avhengig av korti skytebana opnar etter vinteren.

Instruktør på kurset er Ann Kristin Gaare, autorisert jegerprøveinstruktør, rifleinstruktør, instruktør ettersøk, jakthundinstruktør trinn 2.

Kursavgift:
Medlemspris NJFF:
Ungdom under 20 år: kr 1500,-
Vaksne etter fylte 20 år: kr 2000,-

Ikkje medlem:
Ungdom under 20 år: kr 2200,-
Vaksne etter fylte 20 år: kr 2700,-

For å bli medlem i NJFF og få rabatt må du registrere deg via: njff.no/medlem

Kursavgifta inkluderer "Arbeidsbok til jegerprøven" og mat på samling 4.
Eksamensgebyr kjem utanom.
Meir info om eksamen finn du her: Miljødirektoratet - jegerproveeksamen.no

Boka «Jegerprøven med Norges Jeger- og fiskerforbund» kan du bestille i lag med påmeldinga til kr. 200,- så får du den utlevert på kurset. Boka inneheld pensum for kurset, og er for øvrig eit kjekt oppslagsverk også etter kurset. Hugs å hake av for boka i påmeldingsskjemaet.

Jegerprøvekurset består av 30 timer og følgjande samlingar:

Samling 1 - Jakt, historie og haldningar (obligatorisk frammøte)

14. mars

Samling 2 - Våpen og våpenlovgjeving (obligatorisk frammøte)

21. mars

Samling 3 - Human og sikker jakt (obligatorisk frammøte)

12. mai

Samling 4 - Skyting med hagle og rifle (obligatorisk frammøte)

02. juni

Samling 5 - Artskunnskap

04. april

Samling 6 - Lover og forskrifter

11. april

Samling 7 - Jaktformer

18. april

Samling 8 - Ettersøk av skada vilt

xx (kanskje 2. mai)

Samling 9 - Handtering av felt vilt

08. mai

Samling 1, 2, 3 og 4 har obligatorisk fysisk oppmøte.
Du kan ha inntil to fråver på samling 5 til 9 mot at du syner dokumentasjon på at du har teke samlinga elektronisk. Meir info om dette får du ved kursstart.

Av praktiske omsyn tek vi samling 3 og 4 til slutt i kurset, då dette er utandørs og vi treng dagslys og ope skytebane.

Les meir om samlingane her: njff.no/jegerproven/jegerprovesamlinger

Avmelding innan påmeldingsfrist: Full refusjon utenom eit gebyr på kr. 50,-.
Avmelding etter påmeldingsfristen fram til 48 timer før kursstart: 50% refusjon.
Avmelding innan 48 timer før kursstart: ingen refusjon.
Avmelding med legeerklæring: full refusjon minus gebyr på kr. 50,-.
Ved avlyst arrangement får deltakar full refusjon.

Legg i kalender
KONTAKT

Ann Kristin Gaare

Tlf: +4741200591

Del: