Velkommen til treningsskyting på skytebana i Dvergsdalsdalen!
Denne kvelden er den første timen frå kl. 18-19 satt av til trening for deg som har lite erfaring med skyting, og for jenter/damer. Her kan du få instruksjon frå rifleinstruktør om du ønskjer det. Instruktør denne kvelden er Ann Kristin Gaare.
Har du enno ikkje fått skaffa deg eige våpen? Det går fint, for vi har våpen til utlån. Du bestemmer sjølv kor mykje du vil skyte, og betaler med Vipps per skot.
Deltaking er ut over det gratis for deg som er medlem i NJFF eller Jølster skyttarlag, men er du ikkje medlem så betaler du 200,- for å nytte skytebana.
Det er lurt å bli medlem i NJFF og Jølster Jeger- og fiskarforeining. Du kan bli medlem her: Bli medlem
Skota er tellande som obligatoriske før storviltprøva. (Hugs å lagre den nye "min jegerdokumentasjon frå nettsida til Landbruksdirektoratet før du kjem på bana)
Adressa til skytebana er: Orkavegen 335, 6847 Vassenden
Frå kl. 19 til kl. 21 er skytinga ope for alle (Er det ingen att på standplass kl. 20, stenger vi for kvelden). Obs!: Jølster JFF har ikkje sal av ammunisjon på bana til anna enn rekrutterinsskytinga. Du må ta med deg skot.