Jentehelg i det fri

  • Fra:
    21.08.2026 kl. 18.00
  • Til:
    23.08.2026 kl. 12.00
  • Varighet:
    fredag ettermiddag til søndag føremiddag
  • Sted:
    Gjesdalstøylen
  • Pris:
    Medl: 100,- / Ikke medl: 300,-
  • Påmeldingsfrist:
    16.08.2026
  • Arrangør:

Friluftshelg med fiske, bading og sosialt samvær.
Dette er Jølster sit bidrag til NJFF's landsdekkand jentehelg:  https://www.njff.no/jenter/jentehelg

Vi riggar oss for ei heil helg ute – uansett ver. Basen har vi på Gjesdalstøylen, der vi bur i lavvo og hengekøyer og lagar all mat ute.

I løpet av helga går vi til fjellvatn for å fiske og bade, og det blir òg skytekonkurranse med cal.22 på blink for dei som vil prøve seg. Aktivitetane er enkle, trygge og tilpassa slik at alle kan vere med.

Dette er eit lågterskeltilbod:
Har du lite eller inga erfaring med fiske og friluftsliv, men er nysgjerrig på om dette kan vere noko for deg, er du meir enn velkomen. Vi legg vekt på det sosiale, gode samtalar rundt bålet og det å vere ute saman – utan prestasjonspress.

Her handlar det om naturglede, fellesskap og å prøve noko nytt i trygge rammer.

Velkomen til ei helg med friluftsliv, latter og gode opplevingar! 🌿🎣🔥

Legg i kalender
KONTAKT

Siri Lisbeth Gjesdal Årdal

Tlf: 90845597

Del: