Har du aldri sove ute før, men har lyst til å prøve?
Bli med på ei spennande friluftshelg i naturen!
📍 Stad:
Oppmøte på Strand, Sørsida – ca. 5 km frå Vassenden sentrum
🕒 Tid:
Laurdag 29.08.26 kl. 15.00 - til søndag 30.08.26 ca. kl. 12.00
Vi legg ut på tur oppover i naturen, der vi finn ein eigna overnattingsplass (ikkje knytt til støyl eller seter). På leirplassen blir det:
- Bygging av gapahuk
- Båltenning (dersom forholda tillèt det)
- Matlaging ute
- Sosialt samvær og gode naturopplevingar
Turen med oppakning blir lagt opp slik at han skal vere overkomeleg for alle med normal kondisjon.
Arrangementet blir gjennomført uansett vêr.
Dette er kunnskap som kan vere avgjerande i ein krisesituasjon, og går inn under viktig eigenberedskap.
Ta på deg gode sko og klær etter vermeldingane.
Dette må du ha med i ein ryggsekk:
- Niste til laurdag ettermiddag
- Frukost til søndag
- Drikkeflaske med vatn
- Nøtteblanding eller ein liten sjokolade
- Sovepose og liggeunderlag
- Tannkost og talettsaker
- Toalettpapir (ein rull)
- Lue, ullundertøy og ullsokkar - pakka i poser
👉 Varm mat laurdag kveld blir ordna av JJFF - Gje oss beskjed om eventuelle allergier
Du kan om du vil ta med:
- Lite telt
- Hengekøye
- (Spikke)kniv
Kven kan delta?
Arrangementet er ope for alle.
Barn under 15 år må delta i følgje med ein vaksen.