Kråkefelle-bygging

  • Fra:
    14.03.2026 kl. 10.00
  • Til:
    14.03.2026 kl. 17.00
  • Varighet:
    7 timer
  • Sted:
    Årdalsvegen 210
  • Pris:
    Gratis
  • Påmeldingsfrist:
    13.03.2026
  • Arrangør:

Invitasjon til bygging av kråkefeller – bli med!

Jølster Jeger- og fiskarforening inviterer alle som ønskjer å bidra i lokal viltforvaltning til ein sosial og lærerik dugnad der vi saman skal bygge kråkefeller etter gjeldande forskrifter.
Vi sørgjer for at fellene blir bygd i tråd med regelverket, og gir opplæring i korleis dei skal setjast ut og røktast forskriftsmessig.

📍 Stad: Erikstad i Årdalen
🗓️ Tid: 14. mars frå kl. 10 til kl. 17

Vi stiller med mat og drikke til alle som deltek – dette skal vere både hyggeleg og nyttig! (Hugs å melde deg på via påmeldingsknappen så det blir nok mat til at du og får)

Det er fellingsvederlag på kråkefugl i Jølster, og dei som ønskjer å vere med og røkte fellene i etterkant, får ta del i fordeling av vederlaget.

Kvifor dette er viktig

Kråkefugl har eit høgt predasjonstrykk på egg og kyllingar hos bakkehekkande artar. Ei godt organisert og forskriftsmessig fangst bidreg difor til å redusere presset på den sårbare rypebestanden i området. Ved å ta del i dugnaden er du med på å styrke bestanden og sikre betre vilkår for komande år.

Dette er ei flott moglegheit til å:

  • lære meir om fangstmetodar og viltforvaltning
  • bidra aktivt til å byggje opp att ei sårbar rypebestand
  • skape betre balanse mellom artane i naturen
  • møte andre jakt- og friluftsinteresserte i bygda

Velkommen til ein kjekk og samfunnsnyttig dugnad på Erikstad!

 

Legg i kalender
KONTAKT

Kåre Strømmen

Tlf: 47845750

Del: