Hjortejakta er rett rundt hjørnet, og ventetida fyller vi med hundeaktivitet. :-)
Ettersøkshunden treng vedlikehaldstrening heile året, og familiehunden litt hjernetrim. Dette er trening for hunder som har gått litt spor før, men den treng ikkje være veldig erfaren eller være godkjent ettersøkshund. Du treng ikkje eingong ha ein plan om å godkjenne den til ettersøk for å bli med å trene her.
Hunden bør være passert det "verste" kvalpestadiet viss du ikkje har erfaring sjølv, då det ikkje vert lagt opp til veldig mykje instruksjon, men har du spørsmål så skal du få svar så langt det let seg gjere. Har du liten erfaring med å legge blodspor så får du sjølvsagt hjelp og forklaring.
Vi treffast for sporlegging laurdag 30. august kl. 18.00 utan hund. Du må rekne med å bruke ein times tid på laurdag til dette.
Oppmøte for sporgåing same stad søndag 31. august kl. 10.00
Stad: Sanddalen, Jølster.
For planlegging av terreng må vi ha påmelding til treningssamlinga innan torsdag.
Begrensa antal plassar.
Du må ta med det du treng til treninga sjølv (viltdel, blod, merkeband osv.), men terreng og treningskompisar får du av oss. :) Ta kontakt om du treng å "låne" viltdel og/eller blod av oss, eller om du har spørsmål. Ansvarleg for treningssamlinga er Ann Kristin Gaare, ettersøksinstruktør og -dommar.
Treninga er lagt opp slik at alle deltek som sporleggarar til kvarandre, og du må då være med som "kjentmann" når sporet skal gåast dagen etter.
Hunden skal være i band heile tida. Sunnfjord kommune har utvida bandtvang, og det går bufe i marka.
Plukk opp etterlatenskaper den måtte legge att i veg og sti.
Blir du med?