Treningssamling - blodspor

  • Fra:
    08.05.2026 kl. 18.00
  • Til:
    09.05.2026 kl. 13.00
  • Varighet:
    2 dager
  • Sted:
    Sanddalen
  • Pris:
    Medl: 100,- / Ikke medl: 100,-
  • Påmeldingsfrist:
    07.05.2026
  • Arrangør:

"Kom mai du skjønne milde"  - med våren kjem eneldeleg dager for å trene spor med hunden. 🐕

Vi drar i gang ei lita treningssamling der du blir med å legger blodspor på fredag og går med hunden din på laurdag.
Dette er trening for hunder som har gått litt spor før, men den treng ikkje være veldig erfaren eller være godkjent ettersøkshund. Du treng ikkje eingong ha ein plan om å godkjenne den til ettersøk for å bli med å trene her.

Hunden bør være passert det "verste" kvalpestadiet viss du ikkje har erfaring sjølv, då det ikkje er lagt opp til så mykje opplæring, men har du spørsmål så skal du få svar så langt det let seg gjere. Har du liten erfaring med å legge blodspor så får du sjølvsagt hjelp og forklaring.
Vi treffast for sporlegging fredag kl.18.00 utan hund. Du må rekne med å bruke ein times tid på til dette.
Stad: Sanddalen 58, 6847 Vassenden, Jølster.
Oppmøte for sporgåing laurdag kl. 10.00 (vi avtalar oppstart-stad på fredagen)

Du må ta med det du treng til hunden sjølv (sele og sporline). Det koster 100,- å bli med, som skal dekke blod, skank, merkeband og bomveg. Treningsterreng og -kompisar får du av oss.😊
Ansvarleg for treningssamlinga er Ann Kristin Gaare.

Treninga er lagt opp slik at alle deltek som sporleggarar til kvarandre, og du må då være med som "kjentmann" når sporet skal gåast dagen etter.

Hunden skal være i band heile tida. 
Plukk opp etterlatenskaper den måtte legge att i veg og sti.

Blir du med? 

Legg i kalender
KONTAKT

Ann Kristin Gaare

Tlf: 41200591

Del: