Påskespor! Treningssamling - blodspor

Endeleg er våren her og med påska så kjem det nokre fine dager for å trene spor med hunden. 🐕

Vi drar i gang ei lita treningssamling der du blir med å legger blodspor på fredag og går med hunden din på laurdag.
Dette er trening for hunder som har gått litt spor før, men den treng ikkje være veldig erfaren eller være godkjent ettersøkshund. Du treng ikkje eingong ha ein plan om å godkjenne den til ettersøk for å bli med å trene her.

Hunden bør være passert det "verste" kvalpestadiet viss du ikkje har erfaring sjølv, då det ikkje er med autrorisert instruktør, men har du spørsmål så skal du få svar så langt det let seg gjere. Har du liten erfaring med å legge blodspor så får du sjølvsagt hjelp og forklaring.
Vi treffast for sporlegging fredag kl.10.00 utan hund. Du må rekne med å bruke ein times tid på til dette. Oppmøte for sporgåing same stad laurda  kl. 10.00
Stad: Gjesdalen, Jølster.

Du må ta med det du treng til treninga sjølv (sele og sporline til hunden), blod, skank, treningsterreng og treningskompisar får du av oss.😊
Ansvarleg for treningssamlinga er Siri Lisbeth Gjesdal Årdal.

Treninga er lagt opp slik at alle deltek som sporleggarar til kvarandre, og du må då være med som "kjentmann" når sporet skal gåast dagen etter.

Hunden skal være i band heile tida. 
Plukk opp etterlatenskaper den måtte legge att i veg og sti.

Blir du med? Ta kontakt med Siri Lisbeth og meld deg på: Tlf: 90845597

Legg i kalender
KONTAKT

Siri Lisbeth Gjesdal Årdal

Tlf: 90845597

Del: