Årsmøte for 2025 - onsdag 11. mars 2026

Styret inviterer alle medlemar i Jølster JFF til årsmøte onsdag 11. mars 2026 kl. 19.00 - 20.30 på Jølstraholmen, møterom.

Publisert: 14. januar 2026 kl. 19.04

Sist oppdatert: 09. mars 2026 kl. 18.48

Har du lyst til å bidra til ein aktiv lokalforeinig i Jølster, eller kjenner nokon som kan være interessert i å bidra, så ta kontakt med valnemnda og meld di interesse. Hugs å spørje andre før du foresler dei til valnemnda.
Valkomiteen består av Vemund Sætenes Strømmen (leiar), Oddgeir Solvåg og Ronny Karlsen.

Saker til årsmøtet skal vere skriftlege og vere kome fram til styret seinast to veker før årsmøtet. Innkomne saker sendast styret på e-post til jolsterjff@gmail.com

Sakliste

  • Val av møteleiar, ordstyrar og referent.
  • Godkjenning av innkalling og sakliste
  • Val av protokollunderskrivarar og teljekorps
  • Godkjenning av årsmelding for 2025
  • Godkjenning av Årsrekneskapen for 2025
  • Innkomne saker
  • Val

Årsmøtepapira finn du under her, og blir sendt pr. e-post til alle medlemmer før møtet (sjekk at du har rett e-postadresse på "min side").

Årsberetning

Rekneskap

Revisjon

Val

 

 

Protokoll frå førre årsmøte (2024) kan du lese her: Protokoll for JJFF 2024