Hagleskyting/leirdueskyting

Publisert: 07. juli 2021 kl. 12.56

Sist oppdatert: 22. januar 2024 kl. 16.21

Leirduebana vil være ope kvar onsdag i frå midten av mai og til jaktstart i september.
Det kan og pågå skyting andre dagar, og dette vert annonsert fortløpande.
Registrering vil være frå kl. 18 til 20. Bana stenger kl. 21.

Om det skulle bli endringar i opningstider så vert det publisert både på her på portalsida og FB-sida til Jølster Jeger- og fiskerforeining, så følg med.

På haglebana er det installert ein kortlesar der du "ladar" kortet ditt med eit valfritt antal leirduer du kjøpar. Til dømes 100 eller 500. Kortet plasserer du på kortlesaren som er montert på bana, og kvar due du skyter etter vil då bli registrert/trekt av på kortet. 

For medlem i Jølster JFF eller Jølster skyttarlag er det gratis å skyte. Er du ikkje medlem kostar det kl. 100 for å bruke haglebana. Du får då eit "duekort" som er knytt til vår bane, og som du kan bruke kvar gong du er hjå oss.

NB! Vi satsar på Vipps som betalingsløysing då vi ikkje har kortlesar. Vipps nr. 590 436
Du må syne Vipps-​kvitteringa for kjøp så vi får notert i våre kvitteringslister.
Du kan og kjøpe haglepatronar kaliber 12. Hugs våpenkort!

Meir informasjon vil du få når du kjem på bana.
Vel møtt!​​

NB! frå 15. februar 2023 er det forbode å nytte blyhagl i samband med jakt i  våtmark. Forbodet gjeld både det å bære med seg og skyte med blyhagl i og nærare enn 100 meter frå våtmark.
Det er heller ikkje lov å nytte blyhagl på skytebaner.