Jølster JFF har båter for leige på Jølstravatnet

Vil du ut å fiske jølstraaure, eller berre ro deg ein tur på Jølstravatnet?

Publisert: 04. juni 2024 kl. 15.41

Sist oppdatert: 09. juni 2025 kl. 17.48

Då kan du låne båt av oss!

No har vi fleire robåter til leige, eller til gratis utlån for deg som er medlem i lokallaget
Vi har ein båt liggande klar i Sanddalen som du kan booke her: Båt Sanddalen

Og så har vi ein båt på Svidalsneset som blir nytta til flytegarnfiske når sesongen er der mellom 10.8 og 15.9. Båten kan du booke for vanleg fiske fram til 10. august her: Båt Svidalsneset.

I tillegg har vi "NJFF-båten" som ligg på Kjøsnes som er gratis for alle som er medlem i NJFF. Den booker du her: "Mine båter"

Det er ikkje motor på båtane, så du får nyte naturens ro når du ror.
Gratis lån av båtane er ein medlemsfordel for deg som er medlem i Jølster JFF (NJFF-båten er ein sentral medlemsfordel). Du kan lett melde deg inn her: Bli medlem 
Viss du allereie er medlem i eit anna lokallag så kan du teikne sidemedlemskap i Jølster jff for å nytte deg av våre medlemsfordelar. Sidemedlemskap teiknar du på "min side" på njff.no