
Jølster JFF var aktive under Jølster Aurefest 2025
13. og 14. juni 2025 var vi med å skape Fiskesommar-minnar for mange små og store. Les meir, og sjå bilete.
Publisert: 16. juni 2025 kl. 20.44
Sist oppdatert: 16. juni 2025 kl. 20.45
Vi starta fredagen med vårt første Fiskesommar-arrangement som trakk 140 små og store til Kjøsnes for fiske og grilling.
Det var god steming i det flotte sommarveret, og vi er takksame for alle som var med og lagde dette til eit flott arrangement.




Laurdag var det hovudkonkurranse-dag på aurefestivalen, og vi var til stades på Skei med stand der alle kunne komme innom for ein kopp kaffi, steike seg pinnebrød og setje seg ned og prate litt med oss. Vi hadde fiske-spel for borna, og alle fekk premie.
Veldig kjekt å treffe både eksisterande medlemar og potensielle nye, og få presentert litt kva vi driv med.


