Oddgeir Solvåg tildelt æresmedlemskap

På årsmøtet 2. mars vart Oddgeir Solvåg hedra som æresmedlem i Jølster Jeger- og fiskarforeining.

Publisert: 16. mars 2023 kl. 23.48

Styret ville hedre Oddgeir for den innsatsen han har gjort gjennom mange år. Han har virkeleg "tatt ein for laget", vårt lokallag, med å engasjere seg i både styret og i aktivitetar for medlemane. 

Oddgeir kom til Jølster når han var 25 år og han vart medlem i Jølster jff i 1980. Han har altså vore med i lokallaget i 43 år.
I 1990 utdanna han seg og fekk autorisasjon som Jegerprøveinstruktør, og han har på dei 33 åra som har gått vore med på å utdanne mange nye jegere.

Oddgeir har vore med i styret i ei årrekke. Han har og vore leiar i styret i mange år, men gav seg i 2021, og siden har han fortsett i styret som varamedlem og gjer fortsatt ein strålande jobb for laget.

Han er ein ivrig fiskar, og i tillegg til å ha kontroll og styring med garnfisket som Jølster JFF tilbyr, har han med opne armar invitert og teke med seg kjente og ukjente på havfiske ved hytta si i Barmen i regi av Jølster JFF. 

æresmedlem.jpg
Oddgeir Solvåg

Utnemninga var, i tråd med vedtektene, gjennomført på årsmøtet. Oddgeir var diverre ikkje fysisk til stade på møtet, men vart oppringt med video, så vi fekk overraska han likevel. Han fekk sidan overrekt plakett, diplom og nytt medlemskort på æresmedlemskap i Jølster Jeger- og  fiskarforening!

Vi gratulerer!