Revejakt

Har du lyst til å jakte rev?

Publisert: 11. august 2023 kl. 15.02

Sist oppdatert: 03. april 2024 kl. 21.25

Revejakt har vore ein populær form for jakt i lang tid, dette på grunn av det flotte skinnet, men i den seinare tid kanskje mest for å verne småviltbestanden, samt lam og kalv av litt større dyr.
Reven er også ein smitteberar og difor er det stort fokus på å ta ut rev som har smitte, som til dømes skabb, slik at dette ikkje vert overført til andre dyr.

Revejakt er ein spennande jaktform, særleg lokkejakt der reven er raskt på plass om han høyrer lokkinga, men også åtejakt er spennande, og er den mest brukte jaktformen på rev.

Småviltjakt kan du drive med åleine frå du er 16 år, så framt du har bestått jegerprøveeksamen. Har du hellet med deg betaler revejakta seg sjølv. (sjå lenger nede i teksten)
Har du lyst å jakte på raudrev så har vi avtale med fleire grunneigarar. Dette er eit tilbod til medlemer i Jølster Jeger- og fiskarforeinig

Ta kontakt på epost jolsterjff@gmail.com  så kan vi formidle kontakt med grunneigar.

Er du ikkje medlem i Jølster JFF så kan du melde deg inn her: njff.no/medlem
Om du er medlem i eit anna lokallag så kan du teikne sidemedlemskap i Jølster JFF. Dette gjer du inne på "min side" som du finn øvst på denne nettsida du er på. Vel "kjøp tilleggsmedlemskap".

Jakttid for raudrev er frå 15.07 - 15.04.

Grunneigarlaget i Jølster gjer og ut fellingsvederlag for rev (800,-), mår (250,-), kråke, ravn og skjor (50,-). 
Du må ta kontakt med dei for å få utbetalt vederlaget.