Storvilt- og småviltjakt på Jølster

Alle som skal drive ordinær jakt må ha bestått jegerprøve og ha betalt den årlige jegeravgiften til staten. I Jølster er det ein god bestand av hjort og du kan også jakte småvilt. For å jakte storvilt må du også ha gjennomført årleg skyteprøve. Det kan du gjere på skyteanlegget i Dvergsdalsdalen.

For jakt på hjort må du ha tilgang på ettersøkshund. Jølster har eit ettersøkslag som tek på seg oppdrag for jeger/jaktlag heile jakta.

JJFF har ikkje eige hjortejaktterreng, men vi har årleg introjakt i leigd område. Vil du jakte hjort må du altså ta kontakt med grunneigarar i Jølster sjølv.
Jølster har og terreng som gir gode høve til småviltjakt i slutten av september og framover.
Jaktkort for småviltjakt kan ein kjøpe m.a. på Lunde turiststasjon, CirklK på Skei og på Jølstraholmen.
Det er Grunneigarlaget i Jølster som forvalter småviltjakta, og dei gjer og ut fellingsvederlag for rev (800,-), mår (250,-), kråke, ravn og skjor (50,-). 
Du må ta kontakt med dei for å få utbetalt vederlaget.

Rev.jpg

Har du lyst å jakte på raudrev så har vi kontakt med fleire grunneigarar som kan tilby dette gratis for våre lokallagsmedlemar, både lokkejakt og åtejakt. Ta kontakt med styreleiar så kan vi formidle kontakt.

Jakttid for raudrev er frå 15.07 - 15.04.

Jakt og fangst på anna småvilt er ikkje tillatt i tiden fra og med 24.12. til og med 31.12. utover dette gjeld nasjonale jaktider.
Jakttid for vinterrype i Jølster er 10. september og til og med 23. desember.

Jakttid for småvilt i kan du finne ved å klikke på denne lenka: Miljødirektoratet

Det er ikkje er gjeve løyve å bruke laus hund til småviltjakt i Jølster.
På årsmøtet i fellesstyret vart det bestemt å innføre felles jaktkort for heile Jølster på lik linje med felles fiskekort.
Prisar: døgn 150 kr, for veke 500 kr, for sesong 1000 kr. Begrensningar på 3 ryper pr jeger pr dag vart og innført frå og med 10 sept. 2014.