Løyve til uttak av oppdrettsfisk

Leikanger Jakt- og Fiskelag har fått løyve av Statsforvaltaren i Vestland til uttak av oppdrettsfisk i Henjaelvi og Njøselvi.

Publisert: 05. november 2022 kl. 18.25

Etter ei rømming av oppdrettsfisk på Floteneset i Vadheimsfjorden har Leikanger Jakt- og Fiskelag søkt om og fått innvilga løyve til uttak med stang av oppdrettsfisk i Henjaelvi og Njøsaelvi. 

Statsforvaltaren i Vestland har gitt løyve til dette.Løyvet gjeld til 24. november. Sjå villkår i  løyvet lenger nede på sida.  

Gi beskjed på e-post eller SMS til kontaktperson Svein Inge Lundheim dersom du fiskar på løyvet.  

E-post: [email protected]
Tlfnr: 906 05 267

Universitetet i Bergen vil gjerne har prøvar av fisken for å sjekke opp mot sjukdommen PD. PD står for pankreassjukdom, og er ein virussykdom som fører til at fisken sluttar å ete, veksten vert låg og det er høg daudlegheit. UiB ynskjer då at ein frys ned hjerte og gjelle. Putt dette gjerne i ein skjellprøve-konvolutt og skriv på oppdrettslaks, dato og stad, og putt i pose og frys ned. Har du ikkje skjellprøve-konvolutt - putt fiskeprøvene i kvar sin pose/konvolutt. Pass på å likevel merke med oppdrettsfisk, dato og stad. 

Løyve til uttak av oppdrettsfisk i Henjaelvi og Njøselvi - Leikanger jakt- og fiskarlag - Sogndal kommune

Fangstskjema uttak av oppdrettsfisk