
Lysare tider i "Kleppabu"
Me har hatt ei oppgradering på takspottane både på loftet og i stova. Dei gamle halogen glødepærene er bytte ut med leddpærer "mindre varme og meir lys".
Publisert: 11. oktober 2025 kl. 11.00
Sist oppdatert: 12. oktober 2025 kl. 18.07
Også taklysa i gangen er skifta ut til leddlamper.
Medlemmane Alexander Slinde og Ole Stadheim som arbeider for
Sogn Elektro as, skifta ut 26 spottar med lysstyringar og 3 taklys i gangen på dugnad.
Takk til Alexander og Ole for dugnadsarbeidet.
Takk også til Sogn Elektro AS som sponsa spottane og lysstyringane til innkjøpspris.
Ungdommane er klare for meir arbeid på Systrond.


