Fotokonkurranse 2026
Del dine finaste jakt- fiske- natur- og friluftsbileter og vinn fine premiar!
Publisert: 27. januar 2022 kl. 14.07
Sist oppdatert: 19. januar 2026 kl. 12.40
Det er til saman 4 kategoriar:
1: Tema Jakt og vilt
2. Tema fiske og fisk
3. Tema natur og friluftlsiv
4. Frå arrangement i eit jakt- og fiskelag i Sogn og Fjordane
Premiar i kvar kategori:
1. premie 3.000
2. premie 2.000
3. premie 1.000
Ein kan sende inn så mange bileter ein vil, men same fotograf kan maks vinne ein 1.premie og ein 2.premie totalt. Innsending fortløpande, seinast 5. januar 2027. .
Bileta må vere tatt i Sogn og Fjordane og du kan berre sende inn bileter du har tatt sjølv.
Bileta må vere i så stor oppløysing som mogeleg (minimum 1 MB/800px) og i jpg, gif eller png-format. Legg bileta som vedlegg i e-posten. Lagre gjerne bileta med namnet ditt og kva du vil kalle det.
Det er innsendar sitt ansvar å få løyve til å offentlegjere eventuelle identifiserbare personar på biletet.
Ved bileter av barn under 15 år må foreldre samtykke på vegne av barnet.
NJFF Sogn og Fjordane forbeholder seg retten til å kunne bruke innsendte bileter.
Send bileter til sognogfjordane@njff.no og opplys om:
1. Namn på fotograf
2. Mobilnummer
3. E-post adresse
4. Informasjon om biletet (t.d. kvar, når, kva, kven…)