Seniorer på skytebanen

  • Fra:
    30.08.2026 kl. 13.00
  • Til:
    30.08.2026 kl. 15.00
  • Varighet:
    2 timer
  • Sted:
    Skytebana i Nordfjordhallen
  • Pris:
    Gratis
  • Arrangør:

Vågsøy Jeger- og Fiskerforening inviterer seniorar frå 60 år og oppover til sosial og triveleg skyting på skytebana i Nordfjordhallen.

Vi møtest annankvar søndag, og skyt med salongrifle på ulike typar blinkar. Her er det først og fremst det sosiale, meistring og ein kjekk aktivitet saman med andre som står i sentrum.

Du treng ingen tidlegare erfaring med skyting, og våre instruktørar vil vere til stades og hjelpe deg med både våpenhandtering, sikkerheit og skyting. Alt nødvendig utstyr er tilgjengeleg.

Tilbodet er heilt gratis. Vågsøy Jeger- og Fiskerforening stiller med våpen og ammunisjon, og det blir sjølvsagt kaffi og tid til ein god prat.

Har du utfordringar med å komme deg til eller frå Nordfjordhallen, kan vi også hjelpe til med transport etter avtale.

Ta gjerne med ein ven og kom innom! Du treng ikkje kunne noko om skyting frå før – alle frå 60 år og oppover er hjarteleg velkomne.

Legg i kalender
KONTAKT

Rune Eriksen

Tlf: 97508327

Martin Mobakken

Tlf: 46320339

Del: