Hytta vår

Me har ei hytte til utleige.

​​​Foreininga eig ei hytte som står til medlemane sin disposisjon.

Kjelabu:  - blir ikkje leid ut på vinteren, me har ikkje vinterparkering

Hytta ligg mellom E 134 og Kjelavatn. Parkerar du ved Godtholstjønni, nedanfor brøytestasjonen, er det ca. 5 min. gange til hytta.

Kjelabu er ei tømre med to rom: stoge/kjøkkenkrok og eit soverom. Det er fire senger på soverommet, og i stoga er det ein sovesofa med plass for to.

Hytta er fullt utstyrt så du treng bare ta med deg sovepose, handkle, fyrstikker og dopapir. Det er lurt å ha med opptenningsblokkar pga. at veden kan vera noko rå. Utedo ligg ca. 20 m frå hytta.

Det blir frakta inn ved til hytta kvart år. Mat oppbevares ikkje på hytta, det må tas med. Dei som leiger hytta er ansvarleg for at hytta er rein og ryddig når den blir forlatt. Ein god regel er å forlate den i den stand ein sjølv ynskjer å finne den i.
Hytta er utan innlagt vatn, men har solcelleanlegg med 12 volt, så du kan ta med mobillader.

Hytta har tv og radio.

Kjelabu kan også leigast av ikkje medlemar.

DSC_0132.JPG
Kåre Hovden

Mannevassbu er solgt til den nye eigaren av austre Havradalen.


 

Prisar pr. døgn:   Kjelabu             

 medlem                 kr.  300,-                          ​​

ikkje medlem          kr. 600,-                         

 Haukli JFF- konto nr  26303471927 ​

Prisane er hytta pr. døgn, ikkje pr. person

Hytta må tingast av leiaren i hytteutvalet som har oversikt over når hytta er ledig og som har nykklar og tek imot leige.

 

Leiar i hytteutvalet: Kåre Hovden mobil: 99726270 e-post: [email protected]