Isfiske på Borgovatnet lørdag 20.januar

Hei alle medlemmer i Osterøy Jakt og Fiskelag og Godt Nytt År. Vi har for tida ein svært solid og relativt stabil vinter med gode isforhold. Styret i OJF tek difor initiativ til open Isfiskedag på Borgovatnet lørdag 20. januar kl 11.00 til 14.00.

Publisert: 18. januar 2024 kl. 10.52

Sist oppdatert: 18. januar 2024 kl. 12.21

Ta gjerne med vener og eige utstyr, godt med klede/sko og mat/drikke etter behov.  Vi vil stilla med bålpanne og fyrer opp for nytte og kos.  Har du pølser etc så kan grilling lovast.  Vi i styret vil ha ein del reserveutstyr for dei som treng; ein del fiske-og pilkestenger, isborr, snømåke og andre praktiske saker for formålet.

Men på Vestlandet veit vi at veret kan snu, isen vert ikkje noko problem, men forholda kan endra seg til ugunst.  Vi må difor ta eit visst atterhald om at arrangementet kan verta endra/tilpassa ver og føreforholda.

Samlingsstaden vert Badeplassen ved Borgovatnet (Raknesvegen) der det er nokre parkeringsplassar og ellers ved 1. avkjørsel etter mot Borgo.

Håper at du kan vera med oss og dra opp interessa for Osterøy Jakt og Fiskelag.

Med helsing

Osterøy Jakt og Fiskelag