Ny forskrift om fiske i sjø utenfor utløp av vassdrag med anadrome laksefisk

Publisert: 06. juni 2023 kl. 08.40

Sist oppdatert: 06. juni 2023 kl. 08.42

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har no fastsett ny forskrift som regulerer fisket i sjø utanfor utløp av vassdrag med anadrome laksefisk og ved kraftverksutløp. Å senke garnreiskap i sjø vert også regulert av forskrifta.

Forskrifta inneber ei klargjering av at det er ei 100-meterssone utanfor alle anadrome vassdrag. Talet på utvida munningsfredingssoner i fylket aukast frå 78 til 81.

Forskrifta var på høyring med frist 19. mai 2022. NJFF M og R leverte innspel til høyringa, der vi presiserte at forslaget gjekk utover fritidsfiske etter saltvassfisk i munningsfredingssonene, særleg for barn og unge. Statsforvaltaren tok delvis omsyn til dette og let barn og unge under 18 år fiske etter saltvassfisk med stong og handsnøre frå land i munningsfredingssoner heile året, unnateke mars og april. Ei anna endring er at dei tillet fiske etter saltvassfisk i munningsfredingssona med handsnøre frå is og båt i ro, heile året. Endringane gjeld berre munningsfredingssona, ikkje 100-meterssona. 

Slik blir reglane i hovudtrekk:

Fiske i sjø utanfor elveutløp

100-meterssona nærast elveutløpet har dei strengaste reglane. Her er alt fiske forbode, unnateke stong frå land når det er fisketid i elva.

I munningsfredingssoner utanfor 100-metersona kan du óg fiske når det er fisketid i elva, men i tillegg kan du:

  • Fiske med handsnøre etter saltvassfisk frå is eller båt i ro heile året
  • Fiske etter saltvassfisk med stong og handsnøre frå land, unnateke mars og april, om du er under 18 år.
  • Fiske med stong og handsnøre frå land, is og båt (inkl. dorging) frå og med 1. oktober til og med 28. februar. Anadrom laksefisk må gjenutsettast, med unntak av Smøla kommune.
  • Fiske etter saltvassfisk med teiner heile året, når heile fangstdelen til ein kvar tid står minst 5 meter under havoverflata

Meir info finn du på SF sine heiemsider; Ny forskrift om fiske utanfor lakse- og sjøaurevassdrag, og om garnfiske i sjø