Jaktreglar Brandal 2025 -
JAKTTIDER - JAKTBARE ARTAR – AVGRENSINGAR
Jakttida
10. september startar småviltjakta i Brandal Utmarkslag. Jakta er kun for medlemmar av UHJFF.
Storfugl er freda i sesongen 2025.
Maks 1 rype pr. dag. Mak 3 stk pr. sesong
Kart og jaktreglar finn ein på www.uhjff.no
Jaktkort
Alle som jaktar på jaktfeltet på Brandal Utmarkslag skal løyse jaktkort. Jaktkort skal bringast med på jakt og kunne visast fram ved kontroll (kvittering vipps)
Jaktkort vert seld på Vipps og det er kun medlemar av UHJFF som kan løyse kort..
Prisar og kjøp - Sesongkort selgast berre til medlemmer og prisen for jaktkort 2025 er sett til 450 kr.
Jakt-reglar
Det foregår hjortejakt i terrenget samstundes med småviltjakta, og det er derfor viktig at kvar jeger tek omsyn til andre, slik at samjakt kan foregå på ein slik måte at ein ivaretek sikkerheit og unngår konfliktar. På tidleg morgon og i kveldinga jaktast det hjort i øvste skogbandet. Maksimalt 2 mann på linje. Det presiserast at det er jegeren si plikt å setje seg inn i gjeldande reglar og grenser for terrenget, og at desse blir overhaldne. Terrenget er avgrensa til utmark tilhøyrande Gnr. 40 og er avmerkt på vedlagte kart. Alle som jaktar med hund må ha godkjent «sauereinheitsbevis».
Jaktrapport
Alle som har løyst jaktkort pliktar å levere jaktrapport innan utgangen av mars.
Rapport leverast elektronisk til jaktrapportuhjff@gmail.com
Manglande innrapportering medfører et gebyr på kr. 300 ved neste års kjøp av
kort.
Alle funn av sauekadaver eller fallvilt av hjort skal rapporterast til UHJFF eller grunneigar.
God Jakt!
BRANDAL UTMARKSLAG