Jaktreglar Brandal Utmarkslag 2026
Ulstein og Hareid jeger og fiskarforeining har leigeavtale med Brandal Utmarkslag når det gjelder rett til å jakte småvilt. UHJFF sel jaktkort på vilkår som er skrive nedanfor.
Areal: Alt utmarksareal på gnr 40 Brandal. Sjå kart over området på uhjff.no
Jakttid: Sesongen er 21. august – 28/29 februar, og gjeld for alt småvilt med jakttidsramme.
Hund: Bruk av hund er tillate med dei avgrensingar som ligg i lover og forskrifter. Det inneber at ein kan bruke hund til jakt, til hundetrening og til rypetaksering.
Sal av jaktkort:
Sesongkort: Berre medlemer av UHJFF kan kjøpe sesongkort. Dette gjev rett til jakt slik det er formulert ovanfor, utan lokale avgrensingar. Sesongkortet kan kjøpast på VIPPS (Ulstein og Hareid JFF) nr.507398 pris kr. 450. Dokumentasjon av kjøpt kort blir å finne i loggen til din vipps konto. Ved kontroll må ein kunne dokumentere kjøpet.
Vekeskort: Jegerar utan medlemskap i UHJFF kan berre kjøpe vekeskort (7 dagar) for hare. Dette gjev berre rett til jakt på hare som formulert ovanfor, utan lokale avgrensingar. Vekeskortet kan kjøpast på VIPPS (UHJFF) nr.507398,. Pris kr. 230. Ved kontroll må ein kunne dokumentere kjøpet.
Jaktreglar: Det foregår hjortejakt i terrenget samstundes med småviltjakta. Det er derfor viktig at kvar jeger tek omsyn til dette, slik at samjakt kan foregå på ein god og forsvarleg måte. Hjortejakta går føre seg i øvre skogbandet tidleg morgon og mot kvelden.
Jaktrapport: Alle som har løyst jaktkort pliktar å levere fangstrapport innan utgangen av mars. (også om det vart ingen fangst)
Rapporten leverast på email til adresse: jaktrapportuhjff@gmail.com
Manglande rapportering medfører gebyr på kr.300 ved neste års kjøp av kort.
Alle funn av sauekadaver eller fallvilt av hjort skal innrapporterast til UHJFF eller grunneigar.
God jakt!