MENY hamburgermeny Close-menu button

Fiske

Sportsfiske har lange tradisjoner i Norge. I all tid har nordmenn kombinert glede og nytte ved å bringe med seg fangsten hjem.

Skjåk Jeger- og Fiskarlag arbeider for rekruttering, samt vedlikehald av interesse for jakt, fiske og friluftsliv i Skjåk kommune. Dette skjer blant anna gjennom kurs, foredrag og utlånstilbod. Skjåk Ålmenning er den største grunneigaren i Skjåk kommune, og dekkjer ca 2 millionar dekar og 95 % av arealet i kommunen. Innbyggjarar i Skjåk har store fordelar med tanke på fiske i vatn og vassdrag med primært aure og harr. Mangfaldet av vatn og vassdrag er stort og gjev gode moglegheiter for ulike måtar å drive fiske. Skjåk Jeger- og Fiskarlag leiger blant anna ut hytter i gode fiskeområde for både garn- og stongfiske. I tillegg leiger vi ut båtar med motor og garn (fylgjer nausta/hyttene). 

For meir informasjon om mogelegheiter for fiske, besøk internettsida:  ​​www.skjak-almenning.no 

 

For leige/lån av naust og båt; ta kontakt med laget sin materialforvaltar Ola Jon Staurust på telefon: 46 92 98 02.​