MENY hamburgermeny Close-menu button

Jakt

Alle som skal drive ordinær jakt må ha bestått jegerprøve og ha betalt den årlige jegeravgiften til staten.

Skjåk Jeger- og Fiskarlag arbeider for rekruttering, samt vedlikehald av interesse for jakt, fiske og friluftsliv i Skjåk kommune. Dette skjer blant anna gjennom kurs, foredrag og utlånstilbod. Skjåk Ålmenning er den største grunneigaren i Skjåk kommune, og dekkjer ca 2 millionar dekar og 95 % av arealet i kommunen. Innbyggjarar i Skjåk har store fordelar med tanke på jakt i Skjåk Ålmenning som kan tilby blant anna jakt på alle dei fire store hjortevilta som finst i Noreg. Skjåk Jeger- og Fiskarlag leiger blant anna ut hytter i gode jaktområde. I tillegg har laget ei kråkefelle og tilbod om åtebrakke for rovviltjakt. 

Meir informasjon om moglegheiter for jakt, besøk internettsida: www.skjak-almenning.no ​ 

For leige/lån av naust og båt; ta kontakt med laget sin materialforvaltar Ola Jon Staurust på telefon: 46 92 98 02 .