Bakken

Bakken gard ligg på nordsida av Lysefjorden, og terrenget strekk seg heilt frå fjorden til ca 800 moh.

Frå Bakken Kai er det 20 – 30 minutt å gå opp til Bakken Gard. Stien er steinet og bratt, men ikkje vanskeleg å gå.

Båt frå Forsand Kai treng ca 30 minutt.

Jaktterenget består av bratte liar, ein del flatare terreng rundt garden og ein stor dal. Furu og blandingsskog utgjer ein stor del av vegetasjonen.

Terrenget egner seg godt til drivjakt. Teljande areal 4500 da. Forsand kommune er grunneigar, og legg visse føringar for jakta.

NB! Bruk av Bakken gard må bestillast hos Stavanger turistforeining.

Tildelt kvote 2023

Hjort:

3 spissbukkar

1 voksne hundyr

1 kalv

rådyr: 

9 stk 

 

Det blir selt dagskort etter første mann til mølla prinsippet. Pris: 200 kr per dag per person.

Prisar for felt hjort og rådyr som i Kolabygda.

Påmelding til Geir Lerang Tlf: 98298039

E-post: [email protected]

 

NB!! En må være medlem i FJFF ved påmelding!! Jegeravgift skal være betalt og skyteprøve skal være avlagt før jakt påbegynnes. Den som deltar på storviltjakt SKAL kunne legge frem papir på at dette er i orden til einkvar tid.

Fyll ut søknadsskjemaet under og send som vedlegg til kontaktperson.

Søknadsskjema storvilt External-link icon