MENY hamburgermeny Close-menu button
Soner i Aurlandselva.png

Fiske

Aurland jakt og fiskelag tilbyr fiske etter sjøaure i fem fiskesoner i Aurlandselva i tidsrommet frå 1. juli til og med 10 september. Lovleg fiskereiskap er fluge og mark, men i september er det berre tillate med fluge. Ved markfiske skal det brukast splitt eller kulehagl. Andre søkke og bruk av dupp er forbode

Fiske i Aurlandselva 2022

Aurland jakt og fiskelag tilbyr fiske etter sjøaure i fem fiskesoner i Aurlandselva i tidsrommet frå 1. juli til og med 10 september. Lovleg fiskereiskap er fluge og mark, men i september er det berre tillate med fluge. Ved markfiske skal det brukast splitt eller kulehagl. Andre søkke og bruk av dupp er forbode.  

 Søknadsfrist for å tinge fiskedagar for sesongen 2022 vert 1.mai, med tildeling i byrjinga av juni.  

Det er sesongkvote på fire aurar per fiskar, og døgnkvote på ein sjøaure per fiskar. All fisk over tre kilo (60 centimeter) er freda, og skal setjast attende i elva ved fanging. Minstemål er 35 cm. Laksen er freda. Laks som vert fanga skal handsamast varsamt, og setjast attende i elva. Det same gjeld sjøaure som skal setjast attende. Når kvoten med sjøaure, døgn eller sesong,  er fylt opp skal fisket avsluttast.  

I alle soner (nr.3, 4, 6 og 7) unnateke sone 1., er det mogleg å løyse to fiskekort slik at to kan fiske saman/samstundes. Fangstavgrensinga gjeld per kort. Det er den som får tildelt sona som avgjer om ekstrakort skal løysast. Ønskje om kjøp av to kort må meldast i søknad. Kort nr. 2 har same pris som hovudkort. Sone 6 og sone 4 strekk seg frå kvar sin kant på området til Lunde Camping. Ta omsyn til campinggjestane.  Det skal ikkje parkerast på eller ved campingplassen. Tilkomst skal skje frå sone 6 og sone 4. Ta kontakt om noko er uklårt kring dette.

Prisar 2022

sone 1 (banken) kr. 250,-.

Sone 3 (Langehølen). kr. 300,- for medlemar/ kr. 400,- for ikkje medlemar.

Sone 4 (Tjorøyna). kr. 300,-/ 400,-

Sone 6 (Klepphølen). Kr. 250,-/ kr. 350,-

Sone 7 (Prestøyna).Kr. 250,- kr./ 350- (gjeld i juli månad)

Sone 7. (Prestøyna)Kr. 300,-/ kr. 400,- (gjeld i august månad).

Minstevassføringa i Aurlandselva er i hovudsesongen 30 kubikk per sek. Regulanten har høve til å starte nedtrapping av vassføring frå 15. august. Nedtrappinga skjer gradvis, men for fiskarane er det greitt å vere merksame på at vassføringa frå denne datoen mest truleg vert gradvis mindre fram mot fiskeslutt. Hugs fangstmelding og skjellprøvetaking. Desse kan etter avslutta fiske leggjast i postkassar oppsett i fiskesonene eller eventuelt sendast til Arne Veum, Ytstebøen 5, 5745 Aurland. Epost kan også nyttast, sjå adresse under. Siste frist for rapportering vert 20.  september 2022. Merk at fangstrapportane skal leverast til Aurland jakt og fiskelag, sjølv om ein også melder fangst via nettsida til elveguiden.no.  Rydd opp etter deg og ta med alt boss når du er ferdig med fisket. Vis respekt for reglane som gjeld i elva. Det vil verte utført oppsyn, og brot på reglar vil kunne medføre bortvising. Den statlege fiskeavgifta skal vere betalt før fisket startar, og kunne visast fram ved kontroll.

Søknad om fiskekort kan sendast til; [email protected] Eventuelt kan søknad sendast AJF Elveutvalet V/Arne Veum, Ytstebøen 5, 5745 Aurland.

 

Meir info; kontakt Arne Veum, 99 56 76 09 eller  Harald Skjerdal, tlf: 478 74 374.  

Etter hovudtildeling vert ledige fiskekort lagde ut for sal ved Borlaug Sport på Aurlandsvangen. Dette skjer vanlegvis rundt fiskestart den 1. juli.

Dersom fleire søkjer på same datoar og tidsrom så vil medlemar av laget verte prioritert. Det er såleis ein fordel å teikne medlemsskap i Aurland jakt og fiskelag. Dette kan gjerast via heimesida til Norges Jeger- og fiskeforbund.

For dykk som ønskjer å fiske mange døger er det også ein fordel å spreie søknadane over eit større tidsrom.

Helsing

Aurland jakt og fiskelag

Arne Veum