Jegerprøven kan du ta frå det kalenderåret du fyller 14 år.
Jølster Jeger- og fiskerforening arrangerer Jegerprøvekurs våren 2026 med oppstart torsdag 26. februar kl. 18.00 og har undervisning torsdagar (med nokre unntak, sjå oversikt over samlinger) fram til og med mai månad.
Instruktørar på kurset er Ann Kristin Gaare og Kåre Sætenes Strømmen
Kursavgift:
Medlemspris NJFF:
Ungdom under 20 år: kr 1600,-
Vaksne etter fylte 20 år: kr 2100,-
Ikkje medlem:
Ungdom under 20 år: kr 2200,-
Vaksne etter fylte 20 år: kr 2700,-
For å bli medlem i NJFF og få rabatt på kurs og aktivitetar må du registrere deg via: njff.no/medlem
Kursavgifta inkluderer lærebok og anna undervisningsmateriell, samt mat på samling 4.
Eksamensgebyr kjem utanom.
Meir info om eksamen finn du her: Miljødirektoratet - jegerproveeksamen.no
Jegerprøvekurset består av 30 timer og følgjande samlingar:
Samling 1 - Jakt, historie og haldningar (obligatorisk frammøte) | Torsdag 26. februar |
Samling 2 - Våpen og våpenlovgjeving (obligatorisk frammøte) | Torsdag 05. mars |
Samling 3 - Human og sikker jakt, utandørs samling (obligatorisk frammøte) | NB! Torsdag 23. april |
Samling 4 - Skyting med hagle og rifle (obligatorisk frammøte) | dato kjem |
Samling 5 - Artskunnskap | Torsdag 12. mars |
Samling 6 - Lover og forskrifter | Torsdag 19. mars |
Samling 7 - Jaktformer | Torsdag 26. mars |
Samling 8 - Ettersøk av skada vilt | Torsdag 9. april |
Samling 9 - Handtering av felt vilt | Torsdag 16. april |
Samling 1, 2, 3 og 4 har obligatorisk fysisk oppmøte.
Du kan ha inntil to fråver på samling 5 til 9 mot at du syner dokumentasjon på at du har teke samlinga elektronisk. Meir info om dette får du ved kursstart.
Av praktiske omsyn tek vi samling 3 når det er blitt litt lysare kveldar og samling 4 til slutt i kurset når skytebana er opna etter vinteren. Vi avventer difor med å setje dato for skytedagen.
Les meir om samlingane her: njff.no/jegerproven/jegerprovesamlinger