Ung

- Sogn og Fjordane

Årleg arrangerer Gloppen jfl, Hyen jfl, Førde jfl og NJFF Sogn og Fjordane friluftsleir for ungdom i alderen 11 - 15 år. Leiren er på Nesholmen i Hyen. Alle er velkomne, både medlemer og andre.
 
På leiren er det valfrie aktivitetar som skyting, fellefangst, fiske, garnfiske, matlaging over bål, kanopadling, bading, leirliv og bålkos med meir. Du blir med på det du vil. Laurdag vert delt i tre grupper; eine gruppa reiser til Aa-bakkane for skyting med hagle, rifle og salong. Ei gruppe reiser vidare til Ommedalselva for å fiske laks. Den tredje gruppa er att på Nesholmen og fiskar, bitter fluger, kastar med flugestong, får opplæring i fiske etc.
 

                                                     

Deltakaravgift 2023:
kr. 500,- for medlemer NJFF / Fiskeklubben
kr. 900,- for ikkje-medlemer
Deltakaravgifta inkluderer alt under leiren.
Påmelding og betaling ved påmelding: ​
 
Er du ikkje medlem, kan du melde deg inn her om du vil: https://minside.njff.no/portal/forms​ ​
 
 
Det er begrensa plassar opp til 70 deltakarar 
 
Vi ynskjer at alle ungdomar som ynskjer, skal kunne vere med på leiren. Har de problem med å klare å betale deltakaravgifta, send ein epost til [email protected]
Vestland Fylkeskommune støttar oss økonomisk i blant anna vårt barne- og ungdomsarbeid, og vi prøver derfor å gjere det mogleg for alle å delta uavhengig av økonomi. 
 
Arrangørane stiller med naudsynt utstyr, flytevestar, lavvo og mat. Påmeldte får brev om kva dei må hugse å ta med seg. Deltakarane må ta seg ein god sovepose, helst ikkje sommarpose, det er framleis kaldt i starten av juni. Det er også viktig å ta med seg godt liggeunderlag. Elles høvelege kle og sko / støvlar etter veiret. 
 
Tilgong til sanitæranlegg
 
Her kjem brev til deltakarar og føresette: 

 

Video samansett frå fleire leirar: 

​ 
7 min video
3,5 min video (same men​ kortversjon)

Tilpass søket for aktivitet og kurs

Snarveier
Velg tidspunkt

NJFF Sogn og fjordane
Jølster Jeger- og Fiskerforeining
Årdal JFF
Vik JFL
Stryn JFL
Sogndal JSPFL
Naustdal JFL
Lærdal JFL
Luster JFL
Leikanger Jakt- og Fiskelag
Hyllestad JFL
Hyen JFF
Gulen JSPFL
Gloppen JFL
Gaular JFL
Førde JFL
Flora JFF
Fjaler JSPFL
Eid JFL
Ytre Nordfjord Jeger- og Fiskerforening
Bremanger JFF
Balestrand JFL
Aurland JFL
Askvoll JFL

Viser 1-0 av 0

Viser 1-0 av 0