Fiske

Fiske for medlemane HJFF disponerer deler av Kjela og Ståvatn og i dei andre tjønnane som er på Statskog eigendom på Haukelifjell. Sjå kart. Medlemskortet ditt fungerar som fiskekort her.​

I Ståvatn har me 2 båtar som medlemane skal bruke til å legge ut garn med, her kan du legge ut 5 garn i total 6 nettar, her kan du også fiske med stang.

I Kjelavatn har me ein båt på båthengar plassera/parkera ved nedre enden av båtutsettet. Det er nytt båtutsett med nedkjøring ved tidligare Haukeliseterhall, her kan du fiske med garn og stang. Det er medlemens ansvar å vite kvar hen du har lov til fiske. Sjå fiskekart med inntegna grenser. 

Når det gjelder garnfiske, så er det berre lov å bruke garndubbar som du får tak i hjå leiar av fiskegruppa Edvin Hovden mobilnr. 97501292. Minste garnstørrelse er 20 omf. eller 31 mm som er lov å bruke.

Båt til garnfiske: Dei som vil fiske med garn i Ståvatn og Kjelavatn må innom Haukeliseter Fjellstue for å hente nøkkel til båten, for å få nøkkelen må du vise medlemskortet ditt. 

Fiskegruppa 

Gruppa består av tre personar. Dei organiserar utsetting av fisk og prøvefiske slik at me skal ha best mulige oppvekstvilkår for den fisken som er i vatna. Vedlikehold av båtar og oppsyn med vatna blir organisert av gruppa.

kart.jpeg
Kåre Hovden

 

fiskerapport.jpg
Kåre Hovden

 

Det finnes ingen andre land med så stor sportsfiskerandel i befolkningen.