Gaularfjellprøven II 17-19.04.26 - CACIT
I år kan vi også ynskje velkomen til Gaularfjellsprøve 2 den 17-19 april 2026. Dette blir ei avsluttande prøve i vår region for sesongen, og arrangementet blir litt annleis enn vi pleier.
Det er første gong vi arrangerer ei prøve i april og vi håpar at du vil bli med på ei sosial helg og gjere dette til ein ekstra tradisjon.
Denne prøva i april er også tildelt CACIT.
Hovudkvarter for helga med sekretariat, opprop og jegermiddag blir på Elvehagen Hotel på Sande. (35 min køyring til terrenget).
Felles middag fredag 17. april kl 18.00 på hotellet: storfegryte. Pris: kr 180,-. Dei som ikkje bur på hotellet, melder seg på middagen direkte til hotellet (tlf. 95480645) seinast kl 08 fredag morgon.
Jegermiddag laurdag 18. april kl 20.00 på hotellet: raspeball med saltkjøt. Pris kr 230,-.inkludert kaffi og kake.Dei som ikkje overnattar på hotellet, melder seg på middagen direkte til hotellet (tl . 95480645), seinast kl 08 laurdag morgon.
VK: kvalifikasjon fredag, finale laurdag
UK og AK: Fredag, laurdag og søndag
Framvising av helsebok: Ved henting av premiar, må ein framvise helsebok. I tillegg vert det tatt stikkprøver, så alle må ha hunden si helsebok med på prøva.
Apportbevis: Ynskjer du å prøve på apportbevis, ta kontakt med arrangør.
Opprop alle dagar kl 08.00 utanfor Elvehagen Hotell på Sande. Det vert bålpanne og kaffi.
Premieutdeling laurdag etter jegermiddagen, søndag fortløpande i sekretariatet
Sekretariat.: Elvehagen Hotell på Sande. Sandevegen 163, 6973 Sande i Sunnfjord.
Kontakt med prøvekomiteen:
Prøveleiar: Jonas Njøsen Hilding jonasnjosen@hotmail.com, 95753053
Leiar fuglehundutvalet, Adele Haaland Hilding 97075874, adelekhp@gmail.com
PÅMELDING: innan 5. april 2026
UK og AK kr. 500,
VK kr 550
Finale VK: 250
Påmelding skal skje på nettsida til NKK
Reglar for tilbakebetaling
Booking på Elvehagen Hotell på Sande:
Det er 14 dobbeltrom på hotellet, samt 22 rom i brakkeriggen utanfor. Alle rom på riggen har eige bad.
Dobbeltrom på hotellet – 1400kr pr natt, inkludert frukost.
Enkeltrom på brakkerigg – 1250 kr pr natt, inkludert frukost.
200kr pr hund på rommet.
På grunn av eigen avtale med Elvehagen må booking av rom gjerast via e-post eller telefon. Ikkje via nettsida.
Ring eller send e-post til Fredrik Fjellestad, Fredrik@elvehagenhotell.no / 95480645
Bookinga må innehalde:
- Merk med: Gaularfjellsprøven
- Fullt namn
- Frå-Til dato
- Middag fredag ja/nei
- Jegermiddag lørdag ja/nei
- Antall hundar (200 kr pr hund)
Enkel frukost for dei som overnattar på hotellet: Kl 06.30 - 08.00. Moglegheiter for å lage niste.